1. juni 2020

Fjelltur i herleg vårvêr

Laurdag heilt i slutten av mai. Den siste vårmånaden. Ein slik laurdag ein kjem til å hugse lenge, for det var berre heilt nydeleg ute. Ikkje for varmt sjølv om sola stod høgt på himmelen heile dagen, det var langhelg og me feira trebryllaup. Ingen store planar for dagen, om ein ser bort frå at me hadde bestemt oss for å komme oss på ein lengre tur i fjellet ;) Me åt ein god frukost og drog ut rett rundt ti, køyrde til Dale der dei har laga til ei parkering (ingen av oss ante kor stort området der eigentleg er), og frå parkeringa er dei forskjellige turstiane godt merka. Fyrste delen av turen gjekk opp til Dalevatnet. Grønt overalt, innimellom små bekkar som rann og det magiske lyset i skogen.


Dalevatnet ligg ikkje så veldig høgt, berre 115 moh, men skulle noko høgare etter kvart. Fyrst tok me ein minirast ved vatnet, for eg hadde bestemt meg for å bade. Som sagt, så gjort. Kaldt, men veldig herleg! Bileta frå badinga kjem litt seinare. Fekk på meg tørre klede, på med den lille tursekken og vidare traska me i retning Lifjell og Bymarka. Me skulle ikkje gå heile den turen, men om ein ser på kartet her, gjekk me sti nr. 1 frå vatnet og sidan den mindre turstien gjennom Revsdalen. Litt vanskeleg å sjå på biletet, men det var ordentleg bratt på visse delar av turen!


I løpet av turen, måtte me jo setje av tid til ein ordentleg rast med mat, tursjokolade og ikkje minst termoskaffi. Smakte litt ekstra godt etter å ha klatra opp, opp, opp. Kvite leggar oppi fjellstøvlane, for sjølv om eg har jobba ute, har ikkje leggane sett mykje sol dette året. Enno ;) På veg ned gjennom dalen, fekk me etter kvart ei kjempeflott utsikt. Sjøen var blågrøn, ein kvit seglbåt låg stille og himmelen var framleis blå. Eg håper me får meir av dette vêret i løpet av dei neste månadane. I ei tid med mykje uro rundt om på kloden, treng me slike dagar. Dagar der sola skin og ein kan gå og gå i den vakre naturen utan å tenkje på noko særskilt meir enn landskapet og sjølve turen.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Åååå Silje, dette var nesten som å være med dere på tur. Det var som om at jeg hørte sildringen av rennende vann og fuglene som kvitret. Som at jeg kjente på stemninga av å stå under alle de trærne ♥ For et herlig blogginnlegg ;)

Silje sa...

Denne kommentaren...tusen takk, Ida ♥ Kjekt å dele slike innlegg, for den norske naturen er berre heilt magisk!

Legg igjen ein fin tanke