5. juni 2020

Fredagsbøker og eit par tankar

Som vanleg har eg mange bøker som ligg og ventar på meg, og denne fredagen er akkurat slik. Fyrste veke tilbake i svømmehallen er unnagjort, det er langhelg og vêret for helga – om ein ser på vêrmeldinga – viser litt sol og ein god del regn. Eg satsar difor på å kunne lese ein god del i løpet av dei neste dagane. Ikkje for det, innimellom blir det kanskje ein liten gåtur, kryssord og ein episode av ein kjekk TV-serie. Men du skjønner kva eg meiner. Akkurat no er eg i gong med litt for mange bøker på ein gong, men ha, ha, det er akkurat slik det pleier å vere ;) Skal i alle fall lese ein litteraturprisvinnar og ei Christie-bok i løpet av juni. Juni er også årets pridemånad, og eg har difor funne ei bok som kan passe bra. Til no liker eg den veldig godt. Sidan det også er fokus på rasisme og #blacklivesmatter i desse dagar, ønskte eg å finne ei bok der hovudpersonen, i tillegg til forfattaren, ikkje er kvite. For sjølv om eg ikkje er veldig politisk av meg, kjenner eg at no har eg, me, alle saman, ein sjanse til å lese, forstå, lytte, lære meir. Det handlar om kunnskap, det handlar om å sjå at dette er strukturelt, ikkje berre i USA, men i store delar av verda. Rasisme skjer også her i Noreg, og me må ikkje vere redde for å ta diskusjonen. Eigentleg skulle eg berre blogge eit bittelite innlegg om bokhaugen min for tida, men eg kjente at eg berre måtte skrive ned eit par tankar.

Legg igjen ein fin tanke