Å stå opp halv fem om morgonen, eller skal me seie midt på natta, er ikkje det eg er størst fan av. Men eg kan ikkje seie noko anna enn at det er kjekt å vere tilbake på jobb. I svømmehallen om det ikkje var klart. Rart å vere tilbake etter fem veker i uteavdelinga, samstundes gjekk det fort å komme inn i rutinane igjen. Så klart, det er meir fokus på reinhald og foreløpig ikkje billettlukevakt sidan det ikkje er opent for publikumsbading, men elles er det som det pleier å vere. Gøy å sjå kollegaene mine også sidan me har jobba på forskjellige plassar i uteavdelinga. Etter jobb har eg lese mykje og slappa av med ein serie eller to. Innimellom prøver eg å lese litt om og forstå kvifor det no er fleire demonstrasjonar i samband med #blacklivesmatter. For eg innrømmer at eg synest det kan bli mykje og vanskeleg å skjønne alt. Men eg ønskjer å lære meir, ønskjer å ha meir kunnskap om kvifor det har blitt slik og korleis me kan få til ei endring. Generelt sett håper eg på eit varmare samfunn. Det er lov til å håpe. No er det snart leggjetid her hos oss, men fyrst ei liste:
✦ Det store ødet, kjempegod bok med sterke kvinnekarakterar (minner meg om denne og denne)
✦ spennande å sjå sesongfinalen av Outlander
✦ sykle til jobben ti over fem om morgonen, lite trafikk, (nesten) berre fuglane og meg
✦ tihi, ein søt kvalp i lag med ein grøn papegøye
✦ Anna María har måla og brodert på ei heilt vanleg, kvit T-skjorte, og resultatet er kjempekult
✦ blomar ute på ein gåtur i nærområdet
✦ Judi Dench og barnebarnet på TikTok, eg ler høgt, for ei herleg dame
✦ ein god lesehaug til helga
✦ minielefant ute i gjørma, så artig å sjå på
✦ stilig lys i Ryfylketunnelen
✦ lange skuggar og grønt tre ein solskinsdag
✦ reklamefilm for NiS, og om ein ser etter, kan ein skimte meg inne i svømmehallen ;)
✦ ha sundagsbesøk eit søskenbarn me ikkje hadde sett på lenge
✦ og sidan sundagsmiddag og litt quiz i lag med broremann
✦ ny vlog frå Jonna, ho er så dyktig på å fange stemninga og Grundtjärn ser så vakkert ut
✦ kaffi, månadens litteraturprisvinnar og Kvikk lunsj – akkurat passe sundagsmorgon
✦ kapittel åtte frå den fyrste HP-boka, er kjempegøy å høyre denne boka bli lesen av fleire personar
✦ Sally Thornes 99 Percent Mine var for klisjé, men den tok seg opp mot slutten
✦ "Litt hverdagsnytt" inne hos Et katteliv – sånt som kan lyse opp grå dagar
✦ gledeleg gjensyn med Downton Abbey-gjengen då eg såg filmen nyleg
3 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Det er så mye uro i verden nå. Ikke bare kjemper vi mot et vanskelig virus som har snudd livene våre opp ned, men folk er også så sinte og frustrerte. Selvfølgelig er det viktig å jobbe mot rasisme, men jeg tror ikke dette er måten å gjøre det på. Vi vet jo som kjent at krig avler krig, og motsatt at kjærlighet avler kjærlighet. Derfor tror jeg at disse voldelige demonstrasjonene dessverre kan bidra til mye negativt. I tillegg vil det jo være forferdelig synd hvis mange som deltar i dette blir syk av corona og i verste fall dør. Og temperaturen på internett... Jeg føler som deg Silje - at det blir mye. Og ofte i sånne situasjoner når det er så mye sinne og frustrasjon involvert, er det som et minefelt man beveger seg i. Man kan mene noe godt, men så er det alltid noen som klarer å vri det til noe negativt. Sier man noe er det feil, sier man ingenting er det også feil. Det e så leit. Og sånt bidrar ofte til at jeg trekker meg unna.
Men over til noe koselig - kjempefin søndagsliste ;) Jeg er så imponert over hvor mye du klarer å lese, den T-skjorta ble jo bare fantastisk fin, og nå har jeg bestemt meg - jeg skal se hele Downton Abbey-serien. Fra episode nummer én. Takk for inspirasjonen ;) Ønsker deg en kjempefin uke, fine du ♥
Altså, Ida. At du klarer å skrive så godt om noko såpass vanskeleg. Eg skjønner akkurat kva du meiner at krig avlar krig (og motsett), og at til dømes rasisme er eit minefelt. Samstundes så håper eg at folk forstår at sjølv om ein er noko stille og ikkje seier så mykje, så betyr ikkje det at ein er for rasisme og urettferd. For eg kjenner at det er ein jungel å finne fram av alt som blir delt, av alle stemmer, all informasjon i alle moglege kanalar. Det blir rett og slett mykje å ta inn, og eg veit kva du meiner med å trekke deg litt unna. Og mtp. å demonstrere mange tusen personar, tett i tett, midt i den situasjonen me er i no...det er vanskeleg. Puh. Så eg skjønner deg godt ♥
Men ja, over til det andre: tusen takk! Smiler her eg sit når du skriv at du vil sjå heile Downton Abbey-serien :) Sjølv har eg sett den to gongar, i tillegg til filmen no nyleg, og eg blir ikkje lei ;) Ønskjer deg også ei riktig fin veke ♥
♥♥♥
Legg igjen ein fin tanke