12. juni 2020

Lesehest, eller skal eg seie lesefugl?!

Seinvakt på jobb, og dimed ein roleg start på dagen. Ute er det blå himmel, og om ikkje så altfor lenge tenkjer eg å setje meg ut på balkongen med ei bok i fanget. Herleg med dagar som liknar på sommar. Som er sommar. I helga skal eg jobbe, så dei neste dagane kjem til å gå i eitt. Elles ikkje så mykje nytt å fortelje, men tenkte eg skulle spreie litt glede med fire bilete av kulaste Zalo. Han var jo på besøk hos oss to gongar førre månad, og med alt det rare han finn på, var kameraet framme støtt og stadig. Mat er alltid ein slager, og det å sitje på handa eller hovudet til mannen min, det er noko av det aller finaste. Og eg som er ein ekte lesehest synest det er litt ekstra stas når han kjem flygande for å setje seg ned på boka som eg les – det er akkurat som om han vil vere med på å lese den same boka. Tihi! No byrjar sola å skine på balkongen, så det einaste som gjenstår er: god helg!

Legg igjen ein fin tanke