Godt å vere tilbake i svømmehallen igjen. Mykje info i dag om alle tiltaka og korleis dei neste vekene kjem til å bli. Me ser allereie no at sjølv om hallen opnar litt etter litt, vil det gå ei god stund før me eventuelt kan gå tilbake til ein slags normal, men det var me førebudde på. Dette er nytt for oss alle, og vegen blir til medan ein går. Her heime har eg lese littegrann og elles titta på den vakre buketten me fekk av mamma og pappa på bryllaupsdagen vår. Herlege fargekombinasjonar!
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
For en aldeles nyyydelig bukett ♥♥♥ Elsker både fargene og blomstertypene! Nå ble jeg veldig inspirert ;)
Sjølv har eg veldig lite peiling på blomar, men denne her passa verkeleg heimen vår og oss :D ♥
Legg igjen ein fin tanke