Sundagslista kjem seint i dag, men helga har verkeleg gått i eitt. Ja, heile veka eigentleg. Puh. Men det har stort sett berre vore morosame og sosiale ting, så sånn sett skal eg ikkje klage. Kjenner likevel det skal bli godt med nokre rolegare dagar i veka som kjem. Har nemleg ikkje fått lese så mykje som eg gjerne skulle ønskje, for eg merker at når eg les, slappar eg av. Litt lesing på bussen har det no blitt, blant anna Kjærleikens ferjereiser, klassikaren til Edvard Hoem. Midt oppi travle dagar, har me også rokke å gå to (korte) turar medan sola var framme, og det gjer veldig, veldig godt, både for kroppen og for humøret. Sundagen er snart over og her kjem vekas høgdepunkt:
✦ finaste dørmatta midt i byen
✦ høyre Bjergsted Blåseensemble på festkonserten til skulekorpskonkurransen Stavanger Open
✦ skru saman eit avlastningsbord på jobb; no blir det bra inne på kontoret
✦ quiz med jobben etter arbeidstid på onsdag
✦ Kjærleikens ferjereiser med ein kopp kaffi på ein regntung dag
✦ den rustraude og den oransje fargen som framleis finst på trea i Vålandsparken
✦ øve på "Nøtteknekkersuiten" saman med orkesteret; det nærmar seg jul
✦ soloppgangen som starta veka på den aller beste måten
✦ "10 Reasons Why Bookworms Are Best Friend Material"
✦ Duolingo, også denne veka ;)
✦ å vere med på "babydysj" for ei veninne med kjekke leikar og herlege folk
✦ lese ut Det røde huset, den tredje boka eg har lese skriven av Mark Haddon
✦ sola som skaper skuggespel på stoveveggen vår
✦ sjå eit par episodar av QI mellom alle slaga
✦ kort sundagstur rundt Mosvatnet medan sola skein for fullt
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
QI <3 antageligvis verdens beste program, hehe. Høres ut som forrige uke var travel, men fin! Håper denne uka blir minst like fin ^^
Jepp! Me diggar QI begge to :D Trur nok veka blir bra (og satsar på å få tid til litt meir lesing) :)
Legg igjen ein fin tanke