Den aller siste heile dagen vår på tur, pakka me den lille sekken med handduk, badetøy og solkrem. I Budapest er det nemleg mange termalbad, eller varme kjelder som ein også kallar det, og me fann ut at me ville avslutte turen med eit besøk ved eit av desse bada. Me tok T-banen til
termalbadet Széchenyi. For ein plass! Eit bad frå 1913 i eit storslått bygg med fleire forskjellige basseng, både ute og inne, badstove og solsenger. Kunne ha vore der fleire dagar ;) Ypperleg plass for avslapping!
Legg igjen ein fin tanke