6. nov. 2017
Sølvberget 30 år
Hurra for bursdagsfest! Måndag er her og ei ny veke er i gong, men på laurdag tok me turen ned til byen for å vere på å feire at Sølvberget er tretti år. Litt rart å "berre" vere der som gjest (for nei, eg var ikkje på jobb akkurat då), men likevel veldig stas å sjå kor mange som hadde møtt opp og kor bra dei forskjellige etasjane no ser ut etter å ha blitt pussa opp og fått nye møblar og fargar. Me traska ned til byen og på veg ned blei det jaggu meg ein liten selfie ;) Vel framme var det ballongar overalt, kaféen var pynta med små, søte blomar og som eg nemnde i sundagslista synest eg den eine lesekroken er blitt så stilig. Eit bibliotek for alle, om du vil lese, låne ein data, studere, lage noko inne på den opne verkstaden Makerspace eller lese avisene medan du drikk ein kopp med kaffi.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke