Helg med stor H. Ei helg utan planar. Passa greitt no etter nokre travle veker. Eg har verkeleg klart å senke skuldrene på desse to dagane, og eg kjenner eg nesten er klar til å ta fatt på ei ny veke. Vêret har vore så som så, men likevel sykla eg kvar dag til jobb, til og med då eg nesten stod stille i nedoverbakke (for jepp, så mykje motvind var det her i byen ein av dagane). Eg er strålande nøgd! I løpet av veka, og kanskje særskilt i løpet av helga, har eg fått tid til å lese mykje, og eg har kost meg. På jobb har eg også vore, tysdag var det orkesterøving og onsdagskveld var det strikkekveld hos ei veninne. Kjempekoseleg! No skal eg slutte å småprate, ser at sundagslista er full av kjekke saker:
✦ både le og gråte av Guardians of the Galaxy Vol. 2 (og lille Groot er jo den aller søtaste)
✦ må få seie at eg har veldig lyst til å sjå Det merkelege som hende med den natta
✦ den fyrste frosten som la seg så fint på haustfargane
✦ "An Open Letter To People Who Read On The Subway"
✦ kristtorn ute i nabolaget, for det er litt julete (tenk, på fredag er det desember)
✦ Niina har nok ein gong fanga den mørke og samstundes koselege haustemninga
✦ olje spisestovebordet og sofabordet
✦ og sidan dei framleis tørkar: dekke på eit av miniborda og ete sundagsfrukosten slik
✦ gleder meg til å følgje UiS sin julekalender
✦ hint av snø, eller hagl som det også heiter ;)
✦ byrje å skrive julekort
✦ altså, har du sett så søte kattungar?!
✦ blir rørt av 2CELLOS sin versjon av temaet frå Cinema Paradiso
✦ ha, ha, eg ler høgt av Crosswalk the Musical: The Lion King
✦ bla i boka Jenta som ville redde bøkene, beundre dei vakre illustrasjonane av Lisa Aisato
✦ kan fint tenkje meg eit par av illustrasjonane frå boka eller digitaltrykket "Ly"
✦ lage eit par gavelappar og eit julekort av gamle bøker i samband med Monthly Makers-temaet
✦ sjå den finaste James Stewart i filmen Harvey frå 1950
✦ strikkekveld med mykje prat, te og kanelsnurrar
✦ krimbok og ein kopp med kaffe latte
Legg igjen ein fin tanke