Sidan eg ein gong i februar fjor laga ei liste om filmar, har eg lenge tenkt på å gjere det same med bøker. Utfordringa har vore å setje meg ned og verkeleg lage denne lista, for det er så mange bøker som antakeleg burde ha vore med. Men det er det som er så greitt med skaparutfordringa Monthly Makers – eg får nemleg det lille sparket bak til å faktisk fullføre den tanken eg byrja på for ei god stund sidan. I november har temaet vore bøker, så denne gongen blir mitt bidrag dette blogginnlegget i tillegg til det førre. Rett og slett eit tekstbidrag. So here goes, ei liste om bøker:
Favorittbok: denne er den aller vanskelegaste, for korleis skal eg velje blant alle dei gode, rørande, kjekke og spennande bøkene eg har lese opp gjennom åra?! Veit ikkje om eg klarer det, men Evig natt og Greven av Monte Cristo er gode kandidatar.
Beste forfattar: Agatha Christie på grunn av den smartaste detektiven, Anne-Cath. Vestly for alle dei gode barndomsminna (eg laga jo til og med ei nettside om"heile Noregs mormor" som eksamensoppgåve på UiA) og J.K. Rowling for å ha funne opp eit heilt magisk univers
Bok du har prøvd å lese, men ikkje komme gjennom: eg misliker sterkt å ikkje lese ferdig ei bok sjølv om eg den ikkje er heilt min smak, men nokre bøker har eg likevel lagt fra meg: Skjønnhet er et sår og Sannheten og andre løgner. Her har eg ein del å gå på, for kvifor lese "dårlege" bøker når det finst så mange bra?!
Beste bokserie: her er det vel ingen tvil, det må jo berre bli Harry Potter-serien. Har lese alle bøkene minst tre gongar, besøkt filmstudioet i London, eg var på førpremiere då den fyrste filmen gjekk på kino og eg var stornøgd då mannen min gav meg ein HP-kalender til jul for to år sidan. Det tok nokre år frå eg høyrde om bøkene til eg byrja å lese dei, men etter det var det gjort. Eg har vakse opp med Harry, Hermine, Ronny, Gulla og alle dei andre på Galtvort, dei vil alltid vere ein del av meg.
Beste krimbokserie: ingen over og ingen ved sidan av, nemleg alle bøkene om den belgiske detektiven, om sjølvaste Hercule Poirot med hans "little grey cells". Eg vil også nemne serien om Cormoran Strike, skriven av J.K. Rowling under pseudonymet Robert Galbraith og bøkene om Louise Rick som den danske forfattaren Sara Blædel står bak.
Den beste barneboka: det trur eg må bli Den hemmelige hagen. Eg hugsar enno kjensla av det mystiske med skrika i huset og det var så spennande å vere med å finne nøkkelen til hagen. To bøker av Jostein Gaarder – Kabalmysteriet og Sofies verden – er to andre bøker eg har hatt mykje glede, bøker som kanskje er meir retta mot ungdom, men likevel. Filosofi, reise, mysterium, så mykje bra samla i desse to bøkene.
Bok som set spor: huff, denne er i alle fall vanskeleg. Eg blir jo fort rørt og blir like fort dratt med i ei historie viss eg synest den er god. Idas dans og Dagfinn Enerly: Så fort kan livet snu er to prosabøker som begge to fortel sterke og rørande historier, og sjølv om eg berre har lese bøkene ein gong, sit dei verkeleg i enno. Tordivelen flyr i skumringen, ei bok av Maria Gripe, har eg høyrt som høyrespel, lydbok og lese sjølv. Og gurimalla, eg synest den historia framleis fenger (og det minnet som sit sterkast igjen er å høyre denne som eit høyrespel langt oppe på fjellet i ei koseleg hytte).
Den mest morosame: eg har no i alle fall ei oppleving som er morosam og som eg framleis hugsar godt, og det er då eg fekk tre eksemplar av Ken Follett-boka I all evighet til jul. Ha, ha, det var vel om å gjere å gi meg den boka meg flest sider! Men om eg skal velje den boka som er det morosamaste, må eg seie The Rosie Project av Graeme Simsion. Det er ikkje ei humorbok, men det er ei bok som rett og slett er herleg, og ein sit og småhumrar når ein les den. Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant av Jonas Jonasson er forresten ei bok som verkeleg går inn i denne kategorien.
Ei bok du les om og om igjen: Christie-boka Og dermed var det ingen og alle bøkene i HP-serien. Okei, dette blei til saman åtte bøker, men du skjønner teikninga ;)
Beste bokminne: å byttelåne bøker i Afrika blant dei eg var på tur med. I løpet av den turen (fem veker) las eg på flyet, på stranda, på bussen, om kvelden, alle dei gongane eg trong litt aleinetid. Mange bøker blei lesne i løpet av den turen, ja.
Ei utfordrande bok: eg har den liggjande, men førre gong eg prøvde å lese De elendige (Les Misérables) av Victor Hugo, enda eg opp med å lese ein forkorta versjon. Men eg diggar historia og kjem til å lese den, særskilt no når den ligg i bokhylla etter at eg fann den på ein loppemarknad tidlegare i år. Som pensum i eit emne ved UiA skulle me lese boka Raseri av Cornelius Jakhelln, og dette er ei bok i alle fall eg synest var (og nok framleis er) utfordrande med veldig mange fotnotar og for min del ei historie som ikkje fenga.
Overrasking: av svigerinna mi fekk eg ein gong boka Helt sant av Michael Palin. Palin er fyrst og fremst ein komikar som var med i Monty Python i tillegg til å ha vore programleiar i ei rekkje reisedokumentarar. Eg visste ikkje at han kunne skrive, men Helt sant er ei varm, morosam og tankevekkjande forteljing som eg innimellom anbefaler på jobb. Du er så lys av Tore Renberg. Joda, eg veit han kan skrive – eg har tross alt lese alle bøkene hans om Jarle Klepp. Men Du er så lys er skriven på nynorsk, den er sår, mystisk og annleis enn det eg trudde, på ein god måte. Den merkelige hendelsen med hunden den natten, skriven av Mark Haddon, hadde eg ikkje noko særskilt forventningar til, men etter å ha lese den, er den blitt ei av mine favorittbøker. Ein annleis skrivemåte og ei original historie som også er laga om til eit fantastisk teaterstykke
Vakker bok: i fjor las eg endeleg Linda Olssons bok La meg synge deg stille sanger, og i mine auge er det ingen tvil om at dette er ei vakker bok. Wonder av R.J. Palacio er ei anna bok eg ønskjer å trekkje fram her. Las denne tidlegare i år og eg likte den etter berre nokre sider. Og heilt til slutt må eg berre nemne Våre sjeler om natten av Kent Haruf og Et helt liv av Robert Seethaler, to av dei beste bøkene eg las i fjor.
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Så mysigt att få läsa om dina favoritböcker, och vi delar flera favoriter! The Secret Garden hade jag som ljudbok som lite och lyssnade på om och om och om igen <3
Som alltid stas med ein kommentar, Alicia, og veldig kjekt å vere med i Monthly Makers :) Har den boka i bokhylla her i stova, og den vil alltid stå meg nært. Og så klart Harry Potter <3
Legg igjen ein fin tanke