20. mars 2017

Sekskanta glasbrikker


Geometri har vore denne månadens tema i Monthly Makers. Eg hadde ingen særskilt plan eller idé då eg fann kva som var temaet. Men så har det seg slik at me har nokre fine sekskanta glasbrikker her heime, og sekskantar er verkeleg innanfor når me snakkar om geometri ;) I går hadde me jo utdrikkingslag for ei av mine beste veninner og der skulle me alle ha med ei gåve kvar som ho så skulle gjette kven var frå. Viss eg då dekorerte dei "riktig", kunne dette bli den perfekte gåva. Brukte våre glasbrikker som mal, fann fram den lufttørkande leira og byrja å måle opp sekskantar med malen. I hobbyeska mi fann eg fram hobbylakk etter at brikkene hadde tørka to døgn.


Og slik blei resultatet etter fyrst å ha måla dei i friske fargar og til slutt lakka med litt decoupagelakk (slik at dei faktisk kan tole litt vann om ein plutseleg skulle søle). Veninna mi og eg har ei intern greie med kumønster, og det er difor den eine skil seg veldig ut. På denne måten tenkte eg at ho kunne klare å gjette kven gåva var frå, og det klarte ho med glans :) Som ein kan sjå, er den med kumønster ganske skeiv, så den funker nok ikkje optimalt til å setje eit glas på. Men, men, det er slik ein lærer av. Og så er det jo tanken som tel :) Gleder meg allereie til apriltemaet!

10 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Alexandra sa...

Vilken rolig idé :) Såg en liknande idé men då hade man lagt brickorna på en liten skål så att även leran blev till skålar. De hade varit utmärkt för tepåsar. De här underläggen passar ju utmärkt nu till påsk, vilka härliga färger!

Silje sa...

Tusen takk for den flotte kommentaren, Alexandra! :D Mykje fint ein kan lage med leire, og så morosamt at du synest dese glasbrikkene passar perfekt til påska :)

aliciasivert.se sa...

Åh så smart att göra glasunderlägg, och perfekt i den sexkantiga formen (som jag nog tycker är den allra snyggaste geometriska formen) :) Kul att de går att bygga ihop med varandra till en helhet - nästan som ett pussel!

Silje sa...

Er nok litt svak for sekskantar eg også ;) Og så kult at du tenkjer puslespel når du ser dei! Tusen takk, Alicia! :D

Mathilde Nicoline sa...

Sånne her lagde jeg til jul :) Bare med leire i forskjellige farger, blandet litt sammen og kjevlet ut, så det ble litt marmoraktig, veldig fint!

Silje sa...

Sånn marmoreffekt er ordentleg stilig :D Kanskje eg skal prøve det neste gong?! ;)

Wilda sa...

Åh vilka fina!!!! Gillar verkligen mönstret på den brun-vita - det bryter av formen så härligt. :D

Silje sa...

Tusen takk, Wilda! :D Er jo litt ekstra gøy å lage ei brikke som skil seg ut ut frå dei andre :)

Julia sa...

Har tänkt att jag ville göra glasunderlägg och smart att göra i lera! Supersmart och fina! :)

Silje sa...

Veldig enkelt er det også, så det er berre til å prøve :) Tusen takk ^^

Legg igjen ein fin tanke