30. jan. 2017

The British Museum

Sidan eg hadde bestemt aktivitetar som musikalen Wicked og tur til Harry Potter-studioet (okei, sistnemnde var jo fjorårets bursdagsgåve frå han til meg), ønskja han seg ein tur innom The British Museum. Museet er eit av verdas største, og det er på heile 72 000 kvadratmeter (!), fordelt på 94 galleri. Som ein sikkert skjønner hadde me ikkje ein sjanse til å tråle heile museet på berre nokre timar, men det er litt stas å ha vore der, og ikkje minst var det fascinerande og interessant.


Allereie rett innanfor inngangen blei eg ståande og berre sjå, opp i taket, rundt i rommet. Storslått!


Mannen min var fyrst og fremst interessert i galleria med gresk og romersk historie, og difor prøvde me å prioritere desse. Tenk at alt dette har personar for mange hundre år sidan laga.


Ein av statuane frå Påskeøya står utstilt i museet, og den er mykje større i "levande live" enn det eg nokon gong har tenkt over. Me fann Rosettasteinen, ein svart granittblokk der den same teksten er skriven med tre forskjellige skriftar: hieroglyfar, demotisk og gresk. Den er frå oldtidas Egypt (dvs. før 664 f.Kr.), og sidan den greske teksten lett kunne bli omsett, blei inngangen til å kunne skjønne hieroglyfane. Historie, altså :) Mosaikkfigurar og marmostatuar var andre gjenstandar me titta på.


Fargerike glas, nydelege smykke og brosjer, gullmyntar. Det var så mykje utanom dette som me ikkje rakk å sjå, og eg tullar ikkje når eg seier at me måtte nok ha brukt eit par-tre dagar viss me ville sjå alt. Men då hadde i alle fall eg fått utruleg vondt i føtene ;) Meir å sjå til neste gong.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Det så ut som en flott utstilling og et flott museum! Burde egentlig gå mer på museum, men utvalget er ikke sååå stort i Trondheim (eller, kanskje det bare er jeg som er uvitende?). The British Museum ser uansett ut som noe jeg må notere meg og huske på til neste gang vi skal til London ^^

Silje sa...

Kan absolutt anbefale dette museet! Det vanskeligaste er å setje seg ned og finne ut kva ein vil sjå, for som nemnt er museet stooort og ein kan sikkert bruke fleire dagar om ein skal få tid til å sjå alt ;) Me er ikkje nokre ekspertar sjølv når det gjeld å gå på museum, men innimellom hugsar me på det, slik som då me var ein tur innom kunstmuseet (som ligg berre eit kvarters gange frå oss) i haust ^^

Legg igjen ein fin tanke