20. okt. 2016

Memory – eit enkelt spel for både små og store

Min fyrste idé til denne månadens Monthly Makers-tema, var å lage ei bokstøtte eller to lik denne eller denne. Temaet denne månaden har vore leksaker, altså leiketøy på norsk. Eg var innom to av gjenbruksbutikkane i nærleiken, men fann ingen slike plastleikedyr som eg kunne bruke til prosjektet. Å kjøpe nye leiker den eine dagen og så på eit vis skulle øydelegge dei dagen etterpå, var ikkje aktuelt for min del. Kan ikkje påstå at eg hadde så mange andre gode idéar, men plutseleg kom eg på det: eg skulle lage eit Memory-spel av dei mange bileta eg har tatt i løpet av hausten. Memory er jo eit hugsespel der ein skal finne to og to like kort, og det er ikkje berre berre når alle korta er snudd. Plukka ut atten bilete, sette dei inn i eit dokument på dataen der dei alle var kvadratiske, 6x6 cm. Printa dei ut (i fargar så klart), limte arka på noko grøn kartong som eg hadde liggjande (kartongen passa akkurat) og så var det berre til å klippe ut alle dei trettiseks små bileta.


Memory er kanskje ikkje det spelet me her heime speler mest om eg skal vere ærleg, men litt artig å ha likevel. Og så er det jo enkelt å ta med om me skal på besøk til niesene og nevøen vår, eller så kan me jo ta det fram viss me får besøk. Å, dette spelet drar meg rett tilbake til barndommen!

19 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Borgmästaren sa...

Smart idé! Den kan man ju utveckla så att det blir foton på kända och okända (familjemedlemmar t ex) på korten.

Silje sa...

Der sa du noko! Kult å kunne gjere det neste gong :D

Ragnhild sa...

So lurt! Og særleg fint om ein samlar bilete frå ein viss periode eller ei reise, kan eg tenkje meg. Tenk kor artig om ein inviterer til gjestebod og spelar memory for å fortelje om reisa, som alternativ sjå i album eller dele bileta på sosiale medium. Trur den kvelden ville fått høg trivselsfaktor!

Og alt etter kva slags bilete ein vel kan det jo bli ei ypparleg gåve til både småfolk, eldre, vener, familie og fjerne kjenningar.

Silje sa...

Synest den idéen din er ordentleg artig, Ragnhild! Forskjellig Memorykort alt etter kven ein er med og kva ein vil fortelje ^^ Og ja, det funkar ypperleg som små gåver :)

Alicia sa...

ÅH vad kul att du tolkade leksaker som spel, det var en idé jag också gick och funderade på. Roligt med egengjorda spel - både att spela och att ge bort som gåva. Dessutom lagom svårt med lite snarlika bilder :)

Silje sa...

Tusen takk, Alicia! Jepp, ein god del av desse bileta er ganske like når ein ser raskt på dei ;)

Anna María sa...

Vad kul med en speltolkning! Precis vad jag också har gjort faktiskt :) Jättekul med memory ju och massa smarta idéer på olika typer av memoryn här ovan i kommentarerna. Kul!

Silje sa...

Er så kjekt med fine tilbakemeldingar og artige forslag til andre Memory-kort :) Tusen takk!

sandra sa...

Så mysigt projekt <33

Silje sa...

Koseleg å høyre! Takk, Sandra :)

Mikaela sa...

Vad smart! Gillar verkligen idén att göra egna spel, och det känns som det verkligen kommer komma till användning också!

Silje sa...

Tusen takk for fin kommentar, Mikaela! :) Alltid kjekt å ha eit spel i hus som ein kan ta fram når ein til dømes får besøk :D

Unknown sa...

Så fint det blev! Blir alltid så nostalgisk när jag tänker på memory. Kanske dags att göra ett eget snart ;)

Julia sa...

Åh va rolig idé med eget memory! Hamnar helt klart på min lista över saker jag vill testa själv, tack! :D

Silje sa...

Elsa Maria: Veldig enkelt og så artig, både å lage det og å spele det. Mange barndomsminne her hos meg også ;) Tusen takk for kjempefin kommentar!

Julia: Tusen takk! Det er berre til å setje i gong ;)

Anki sa...

Vad fint och roligt med ett eget memory! :)

Silje sa...

Takk for koseleg kommentar, Anki! :)

Wilda sa...

Vilken otroligt bra ide! Så finurligt och så vackert gjort. Wow! Ett sånt vill jag också göra!

Silje sa...

For ein kommentar og kompliment, Hilda! Tusen, tusen takk! :D

Legg igjen ein fin tanke