13. okt. 2016

Hugsar du?

Hugsar du den kvelden eg spurde om me skulle vere saman, kor mørkt og klart det var ute? Hugsar du kjensla av å møtest fyrste gong som kjærastar, etter tre veker frå kvarandre, og ingen av oss visste heilt korleis me skulle ta i mot den andre? Hugsar du den fyrste gongen eg besøkte deg i barndomsheimen din, då du henta meg på busstasjonen og køyrde det lille stykket opp til huset? Hugsar du at eg alltid møtte deg ved bussen då du skulle heim til meg? Hugsar du den fyrste gongen eg sa "eg elskar deg" og du sa at du trur du elskar meg også? Og hugsar du fyrste gong eg gret, ikkje fordi eg var særskilt trist, men fordi eg berre hadde så mange kjensler som måtte ut? Hugsar du eg kom på overraskingsbesøk med blomar den gongen du var sjuk? Hugsar du alt dette?

For eg hugsar.

2 kommentarer:

Ragnhild sa...

Fint, fint, fint!

Silje sa...

Takk, fine Ragnhild <3