10. okt. 2016

Ein vakker solnedgang og slåande utsikt

No er det allereie gått ei dryg veke sidan me pakka saman kofferten og drog sørover igjen, det er ei dryg veke sidan me sa "ha det" til den finaste utsikta. Den nydelege solnedgangen, den storslåtte utsikta, dei høge fjella. Varmt oktoberlys, frisk luft, ordentleg haust. Sukk. Eg blir nesten mållaus.




Plutseleg såg eg nokre blåklokker som vaia i vinden. Eg satte meg ned på huk og prøvde å knipse eit par bilete av blomane i fokus med solnedgangen i bakgrunnen. Blei ikkje så aller verst.


Tok fram mobilen og tok eit par bilete med den også. Synest det øvste av desse tre fangar det heile så bra med ein klar, tydeleg solstråle som så vidt dukkar opp over fjellkanten. Vakkert og magisk!

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ragnhild sa...

For nokre oppløftande bilete! Dei blåklokkene fanga du på meisterleg vis, altso.

Silje sa...

Så kjekt og koseleg å høyre! Alltid litt artig å sjå resultatet når ein får til motivet slik ein så gjerne vil :)

tea, books and gilmore girls sa...

Nydelig! Enig med Ragnhild, bildene av blåklokkene var flotte!

Silje sa...

Det var så fint ute den kvelden at eg kunne stått der lenge, lenge, lenge. Tusen takk, Ida! ^^

Legg igjen ein fin tanke