26. okt. 2016

Breiavatnet v10

Månaden er snart over. Eg skjønner ikkje kor dei blir av, og kanskje spesielt september og oktober synest eg har gått altfor fort. Berre flydd forbi. Oktober har vore som september. Litt kaldare så klart, men sola har vore framme nesten kvar dag og det har vore så fint og herleg. Vel, i dag har det regna, og regnar framleis, akkurat slik det var i september då eg viste fram bileta frå Breiavatnet ;) Bileta over er tatt ein dag det var strålande sol og nesten vanskeleg å få til bra bilete utan at dei blei overeksponerte. Men sjekk ut det store treet som heng så fint over vatnet med fargesterke blad.


Ein annan dag var det litt gråare ute, men ikkje verre enn at sola titta litt fram og det same med den blå himmelen. I mine auge var det nesten endå finare ute den dagen enn den førre :) Neste månad blir nok ikkje fullt så fargerik, men som eg har sagt tidlegare så er det noko eige ved å kunne følgje ein plass årstid for årstid, uansett kva fargar det er ute eller kva vêr det er. Nesten litt magisk.

Legg igjen ein fin tanke