22. okt. 2016

"Du er så lys"

"Han kom hardt inn i livet vårt, det er slik eg tenker på det. Det var ikkje greitt, alt i alt, det har skapt mykje uro og like mykje vondt, og vi står mørkare igjen, ikkje lysare, sidan det heile begynte." Starten på den nyaste romanen til Tore Renberg gir oss med ein gong ein liten pekepinn, orda set ei stemning for den historia som skal bli fortalt. September og oktober har vore veldig bra på bokfronten for min del, og Du er så lys er ei av de beste. Boka er ikkje stor, men den fortel likevel ei historie som er sterk, mystisk og sår. Eg veit at boka har blitt noko kritisert for den siste delen, men eg må seie at eg likte boka akkurat som den var. Og er. Tidlegare har eg lese Renberg sine bøker om Jarle Klepp, bøker som eg verkeleg har kost meg med. Du er så lys er kanskje ikkje ei bok ein koser seg med, men guri, så bra den er. Og så er den på nynorsk. Eit lite laurdagsboktips frå meg til deg :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea, books and gilmore girls sa...

Jeg har lest veldig lite av Tore Renberg. Husker jeg leste Mannen som elsket Yngve tidlig på ungdomsskolen før den egentlig var veldig kjent. Og så har jeg lest Dette er mine gamle dager. Renberg er en forfatter jeg ikke alltid orker å ta meg tid til å lese, men når jeg gjør det så klaffer det ofte veldig bra. Kanskje jeg burde lese denne! Den får hvert fall komme på leselista ;) takk for tips!

Silje sa...

Som nemnt så har eg lese Jarle Klepp-bøkene, men lite av Renberg elles. Kjekt å lese noko anna, og attpåtil på nynorsk ;) For eg må seie at eg synest han skriv veldig bra!

Legg igjen ein fin tanke