7. okt. 2016

Nye favorittar i klesskapet

Fredag er her, sola skin og det er ein roleg og finfin dag. Eg kom plutseleg på at eg har heilt gløymt å vise dykk dei to fine plagga (og handlenettet) eg kjøpte då me var ein snartur til Oslo for ein månad sidan. I den eine Gudrun Sjödén-butikken i Oslo kjøpte eg ein stripete genser og ein tunika med eit stilig bladmønster på. Så nøgd, og alltid gøy med eit ekstra handlenett til handleturen!


Genseren er verkeleg blitt mitt nye favorittplagg. Den er så myk og elastisk, og den kjem garantert til å bli brukt mykje framover. Ein perfekt genser til litt varmare haustdagar og også til våren.


Eg har til gode å ta i bruk tunikaen, men eg har lagt den klar slik at eg skal bruke den på jobb i morgon :) Genseren trur eg at eg må ha ein til av, så god er den! Til slutt: eit nærbilete av det fine, raude handlenettet. Stas å verkeleg investere i så fine plagg. Og sånn elles – god helg, folkens!

4 kommentarer:

Ragnhild sa...

So fine!

Sidan eg kjøpte min fyrste Sjödén-kjole for nokre år sidan, har eg nesten ikkje kjøpt kjolar og overdelar andre stader. Dei er so mjuke og luftige og solide, anten det er i bomull eller andre material! No i haust kjøpte eg ein gensar med grå og kvite striper, og det er den eg har lyst til å gå med kvar dag, anten eg skal på jobb, på besøk, ein tur på butikken eller berre ha ein lat innedag heime.

Silje sa...

Kjenner meg veldig igjen ;) Nokre av plagga blir kanskje litt for mykje for min del, men dei kleda med enkle stripar og enkle mønster (slik som tunikaen), diggar eg. Og jepp, dei er så mjuke og herlege å ha på seg :D Sist, men ikkje minst så er det så mange sterke, fine fargar å velje mellom i butikkene :)

tea, books and gilmore girls sa...

Fine plagg og fin Silje! Jeg har et par t-skjorter fra Gudrun Sjödén og liker de godt! Veldig mykt stoff. Likte godt mønsteret på tunikaen! Og striper slår jo aldri feil ;)

Silje sa...

Tusen takk, finaste Ida! Desse plagga, og då særskilt genseren, er blitt to nye favorittar! Og som du skriv: stripar slår aldri feil :D