5. okt. 2016

Årets tiande månad

Oktober er allereie inne i sin femte dag, og ei ny side i kalenderen heng no på veggen. Skapningane på biletet er såkalla thestrals (les meir her), og med tanke på Halloween, passar det jo litt ekstra godt med eit slikt bilete denne månaden. Elles er me no i gong med kvardagen igjen etter langhelga på Sunnmøre. For min del var det jobb i går og i dag, og det blir også ein tur innom i morgon og på laurdag. Håper di veke så langt har vore fin. Her skin sola, det er skyfri himmel og ganske så flott :)

0 kommentarer: