23. okt. 2016

Gule blad, brune blad og ei sundagsliste

I kveld har me hatt konsert med orkesteret, og me har nettopp komme heim. Når ein jobbar på laurdagen og bruker ein god del av timane på ein konsert på sundagen, ja då går helga litt for fort. Har jobba fem dagar denne veka, og neste veke blir det seks. Det går i eitt med andre ord, men det er jo okei så lenge det er kjekt :) Utanom det så har det ikkje skjedd noko særskilt anna enn at eg (nok ein gong) har lese mykje, og det gjer så godt å kjenne på lesegleda, slappe av med ei god bok! Håper du har hatt ei fin veke og ei topp helg – her kjem mine kjekke punkt for veka som har vore:

✦ sykle til jobb om morgonen under ein knallrosa himmel
✦ så kult å lese at det døgnopne biblioteket på UiS har fungert så bra
✦ lyset på Sølvberget og det vakre treet som står rett utanfor
✦ lese ut Du er så lys av Renberg og Voldens historie av Édouard Louis – sterke romanar begge to
✦ kan hende eg har delt denne før, men sjekk ut dei vakre og slåande skulpturane
✦ at Beat for beat er i gong igjen på NRK1
✦ og apropos Beat for beat: at Marte Wulff og Charlotte Qvale song "Vandrer på en sky" 
✦ nok ein gong dei gule og vakre haustblada
✦ kule bidrag til oktobertemaet i Monthly Makers, blant anna inne hos Alicia og Anna María
✦ den nye, turkise clutchen min, laga av ei bok
✦ haustfargar og den skjønnaste dachshunden inne hos Emily
✦ sjå ein vakker solnedgang då me gjekk kveldstur i går
✦ lunsjbesøk av mamma og eit søskenbarn før konserten i dag
✦ ein heilt utruleg søt kattunge på Instagram
✦ lesedate inne på gjesterommet, han fine og eg, kvar vår bok og kvar vår kopp med kaffi
✦ spele konsert med orkesteret og ein kjempedyktig solist på fiolin
✦ at denne søtingen plutseleg dukka opp og nesten like plutseleg fekk ein heim
✦ meg i farta for å fikse kameraet då me skulle ta julekortbilete (diggar forresten dette biletet!)

2 kommentarer:

Luisa Fernanda del Mar sa...

FINE bilder :) Fin liste :)

Silje sa...

Takk, gode Luisa! :D