21. okt. 2016

Gjenbruk av ei bok 📘

Endå eit lite DIY-prosjekt. Lenge har eg hatt lyst til å lage ei lita veske, eller ein clutch som ein også kallar det, av ei bok. Det har stått mellom to ulike modellar: denne og denne. Eg valde til slutt å gå for den med glidelås, og som inspirasjon og hjelp har eg for det mest brukt denne oppskrifta. Både boka og det turkise tøyet er gjenbruk, begge funne på gjenbruksbutikkar. Boka er forresten den same som eg brukte i ein del av septembertemaet i Monthly Makers. Den enklaste med prosjektet var å ta ut alle sidene frå boka, måle opp bitar av tøystykket slik at dei passa til boka og lime på bitane som skulle på utsida. Glidelåsen var det som var vanskeligst å få til, i alle fall på ein fin måte.


Men det gjekk på eit vis, og alt i alt, til å vere fyrste gong eg prøver meg på eit slikt prosjekt med tøy og glidelås, er eg nøgd. Diggar det turkise mot det grå, mønsteret er fint og clutchen blei akkurat passe stor. Eg har plass til nokre kort, blyantar og ei lita notisblokk, og om eg treng det litt sminke, eit panneband eller liknande. Prosjektet kosta heller ikkje skjorta, så dette kan gjerast av dei fleste.


Var ute på tur i går, og då berre måtte eg ha den med slik at min betre halvdel kunne ta bilete av den i bruk. Eg er vel ikkje den personen som bruker vesker til dagleg (går vel mest i ryggsekk på veg til og frå jobb), men det er jo likevel kult å ha ei slik lita veske i skapet når eg treng. Ingen som har lik, eg har laga den sjølv og det er gjenbruk. Kan det bli betre?! Vil forresten ønskje alle ei flott helg!

2 kommentarer:

Luisa Fernanda del Mar sa...

Husker at bok-veske var superhot for noen år siden :)
Bok-clutch er kult!

Silje sa...

Ha, ha, eg er visst litt seint ute med andre ord ;) Uansett så var det kult å lage den, og som nemnt så er det alltid like kjekt med gjenbruk :D