30. okt. 2016

Vakre bøker, nye bøker og travle dagar

Seks dagar på jobb. Klassebesøk, nye bøker, mange kundar og ein haug med rydding. Travle og kjekke dagar med andre ord. Innimellom har eg hatt tid til å hekle og lese litt, han fine og eg stakk innom Stavanger Museum på fredagskveld der me høyrde om hermetikkbyen som forsvinn og folkesong inne på museumsbiblioteket. Etter jobben i går var eg på kafé med ei god veninne før det blei vegetaco og den vittige filmen The Inspector General her heime. Dagane har gått fort, og tenk at på tysdag er november. Akk, september og november har gått så veldig, veldig fort. Her har det vore ein roleg og avslappande sundag, heilt perfekt. Ein haug med fine punkt på sundagslista:

✦ nok ein gong ein kveld med ein vakker solnedgang
✦ så storslått natur og vakre bilete inne hos Rania
✦ lese ut den vakre boka Kunsten å høre hjerteslag
✦ sykle forbi bilkøen på veg frå jobb
✦ trur nok dette er meg om morgonen, og så sjekk ut desse to søtingane
✦ byrje å hekle på eit bestemorsrutepledd
✦ fascinerande at det går an å lage kunst av noko så smått
✦ gå tur rundt Vannassen i haustmørket, hand i hand med den aller beste
✦ songen "Perfect Day" med Miriam Stockley, eit fint barndomsminne
✦ 12 av 20 rette i Dag og Tid-quizen ;)
✦ Astrid klarer alltid å fange den fine kvardagsmagien, det er ei eiga stemning
✦ kafédate med ei god veninne etter jobben i går
✦ opne bokkassene frå byen og oppdage heilt nye utgåver av alle Harry Potter-bøkene :)
✦ om det å vere introvert inne hos Maria – viktig å hugse at me er forskjellige
✦ stikke innom Museumsnatt ved Stavanger Museum
✦ frost ute og rim på bakken på veg til jobben på tysdag
✦ tenne lys i haustmørket
✦ nydeleg dikt inne hos Ragnhild, og så vakkert skrive om det å vere nygift inne hos Sara
✦ at det har vore klarvêr om morgonen med eit varmt og gyllent lys på himmelen
✦ sjå filmen Brooklyn, ein (i mine auge) god filmatisering av boka med same namn

0 kommentarer: