2. okt. 2016

Ny månad og ei langhelg på Sunnmøre

Sidan torsdag kveld har me vore på Sjøholt, mao. hos mine svigerforeldre. Svigerfar blir sytti om nokre dagar og familien har difor vore samla i helga for å gjere litt stas på han. Elleve personar og fullt hus. Me skal tilbake igjen i morgon, men veldig kjekt å få til å vere her denne helga saman med familien til min kjære. Veka har elles vore fylt opp med jobb, grått vêr og mykje lesing. Fordelen med hausten er jo innevêr, for då kan eg sitje i sofaen med pledd, te og bok og samstundes ha godt samvit ;) Her på Sunnmøre har det bøtta ned alle dagar bortsett frå i dag; så godt å kjenne frisk haustluft, sola som varmar og sjå på dei høge, flotte fjella! Nesten ein liten miniferie dette her. Vel, oktober er i gong, og kvardagen ventar, vel å merke på tysdag. Sundagslista kjem...no:

✦ kose meg med boka Leserne i Broken Wheel anbefaler saman med heimelaga latte
✦ å følgje kattungane inne hos Rania
✦ sjå filmen Minions på tysdag, berre fordi det ikkje blei øving og det var grått vêr ute
✦ enkel, men fin gatekunst midt i Stavanger sentrum
✦ Jonna sitt ærlege blogginnlegg (og også den herlege oppfølgjaren)
✦ interiørmagasin, god te og noko søtt attåt
✦ kvalitetstid med Jeremias, den finaste katten
✦ flaggermus kan vere søte dei også
✦ regndropar på vindauget
✦ feire svigerfar saman med "heile bunsjen"
✦ finne gode bøker på jobb og vite at eg har ein fin bokhaug som ventar på meg
✦ "Jag är ingen alls" – så enkelt, så vakkert, skriven av Sandra
✦ solnedgangen her på Sunnmøre
✦ finne noko fint på Kyrkjetorget
alle dei fine bidraga i månadens Monthly Makers
✦ vere saman og leike med niesene og nevøen vår
✦ dei høge fjella og den vakre utsikta frå barndomsheimen til mannen min

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Takk Silje, for at du og din kjære tok turen nordover! Det er så sjelden at vi klarer å samle alle sammen, men denne gangen klaffet det. Fullt hus, ja :-) Veldig kjekt det, men nå kjenner jeg at Bestemor trenger å hvile litt! Jeg tror nok at svigerfar synes at det var kjekt at vi fikk markert dagen med samlet familie - sjøl om det jo i utgangspunktet var planen å stikke av fra hele greia :-) Og Sunnmørsalpene er vakre i nydelig høstvær - fint bilde!

Silje sa...

Me syntest også at det var kjekt å treffe alle saman og vere samla over ei slik helg :) Og ja, Sunnmørsalpane er vakre uansett vêr og vind! No er me vel heime igjen, og det blir nok ein roleg kveld her i huset. Helse alle saman! Klem frå oss begge to :D

Legg igjen ein fin tanke