31. okt. 2016

Kongeblått er rått!

For nesten to og eit halvt år sidan hadde eg lånt boka Hekta på hekling på biblioteket, og i boka fann eg ei oppskrift på eit enkelt panneband. Den gongen hekla eg eit kvitt panneband, og no ønskja eg å hekle eit til i ein annan farge. Laurdag for to veker sidan fann eg fram det kongeblå garnnøstet mitt, ei heklenål og kaffi attåt. Etter eit par timar var pannebandet klart til bruk.


Slik ser det altså ut når eg har det på. Det er jo ingen løyndom at blå, særskilt kongeblå, er min absolutt favorittfarge :) Veldig nøgd og det kjem verkeleg til å bli brukt no når dagane blir kaldare.

6 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ragnhild sa...

Grådig flott farge! Og eg blir so glad når folk har den på seg, særleg sidan eg ikkje får til å bruke den sjølv (nokre fargar fungerer rett og slett ikkje med person og/eller garderoben for øvrig).

Silje sa...

Kongeblå har lenge vore min absolutte favorittfarge, noko som verkeleg skein gjennom i bryllaupet vårt i fjor (kongeblå sko, kongeblått smykke, kongeblå sløyfe osb.). Men skjønner jo kva du meiner med at ein farge ikkje passar alle; sjølv har eg det slik med rosa. Veldig kjekt å høyre at du synest eg passar denne blåfargen :D

Anonym sa...

Flott pannebånd !! Og ikke minst den fargen. Heia Falk :-)

Silje sa...

Fargen er jo den finaste av dei alle :D Og ha, ha mtp. heia Falk! ;)

tea sa...

Du kler kongeblått skikkelig godt! Artig å kunne lage slike ting selv, og hekling er jo ikke så vanskelig, mener jeg å huske. Men nå har jeg glemt stort sett alt jeg en gang kunne, haha. Ha en fin dag, Silje! <3

Silje sa...

Hekling er ganske greitt å komme inn i når ein ein gong har lært det ;) Men for kvar gong det er lenge sidan eg har gjort det, må eg lese oppskrifta både to og tre gongar for å vere sikker på at eg forstår den :P Tusen takk for fint kompliment, Ida, og ein fin dag til deg også <3

Legg igjen ein fin tanke