9. okt. 2016

Haustvêr og haustlys






Tenk at starten på oktober har vore så innmari fin! Definitivt kaldare enn det me hadde i september, men sola varmar likevel, lufta er klar og haustfargane blir eg aldri lei av. Veka starta med ein reisedag i og med at me reiste frå Sunnmøre fyrst på måndag (og ikkje førre sundag). Så har resten av veka gått med til jobb, orkester og nokre turar ute i den herlege oktoberlufta. Ein del tid har også gått med til å lese i bøkene eg heile vegen har med meg heim frå jobben. Ha, ha, det er faren med å jobbe ved eit bibliotek ;) Mange kjekke punkt og bra lenkjer på sundagslista mi i dag:

✦ at eg no har fått eit årsvikariat ved Madla bibliotek; det er berre deltid, men så blir det jo ekstravaktar utanom, så eg er kjempenøgd :)
✦ lyset frå sola og skuggene av trea
✦ soloppgangen i Lappland inne hos Rania – storslått og vakkert
ein stille og roleg morgon på Vigra
✦ om forskjellige måtar å vere minimalist på
✦ sjå Heartbeat på måndag
✦ for ein herleg tekst om at det å venta, det er å elska
✦ sykle til jobb i strålande sol og frisk haustluft
✦ nydeleg solnedgang på veg heim frå jobb
✦ to vakre innlegg inne hos Jonna: dette og dette
✦ eit rart og morosamt bilete frå biletetakinga av den nye favorittgenseren
✦ dei gule blada på eit stort tre hengjande over Breiavatnet, og lyset blant blada
✦ oppdage nye stiar i Sørmarka
✦ søte og rare dyr: denne papegøya, kattungar møter hundar, trøtte raringar og desse to små
✦ god bok (Store hendelser i liten skala) og kaffi på jobb
✦ tenne fleire stearinlys, for no er det haust og då er det perfekt å kose seg med levande lys
✦ sniktitt på filmmusikken til Fantasic Beasts & Where To Find Them
✦ haustfargane, alltid
✦ "Om blogg, om livet, om hverdag, om sorg" – på visse punkt kjenner eg meg veldig igjen
sjå både ekorn og rådyr på tur i Sørmarka
✦ felle nokre tårer då me såg denne episoden av Six Feet Under

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ragnhild sa...

Gratulerer med jobb! Bibliotekar må vere eit av dei trivelegaste yrka som finst, trur eg (utan at eg sjølv har prøvd det ut, altso).

Og takk for påminning om å finne fram og tenne levande lys! Eg har aldri vore særleg flink med slikt, men tykkjer eigentleg at det gjer seg.

Silje sa...

Tusen takk, Ragnhild! Har jobba ved eit anna bibliotek då eg gjekk på vgs., og det er kjekt å kunne få fortsetje i ein slik jobb. For eg trivst så godt blant alle bøkene, kjekke kundar og forskjellige litteraturarrangement :) Stearinlys er jo noko av det aller finaste med hausten, det i tillegg til alle dei friske fargane ute ^^ Håper du får ei fin veke! :D

Legg igjen ein fin tanke