8. okt. 2016

Feiring av ein jubilant 🎂

For ei veke sidan (eller seks dagar om eg skal vere nøyaktig) feira me svigerfar som blei sytti. Som nemnt var me til saman elleve personar, og me drog ut til Stordal der me åt middag og dessert på Nilsgardstunet. Det var dekka på så fint, maten var god og det same med desserten, som var karamellpudding om nokon lurte. Veldig koseleg middag med heile min fine svigerfamilie :)


Kunne ikkje klage på borddekorasjonen og det vakre serviset som venta seinare på kvelden heime hos svigers. Ungane hadde laga bordkort, det var ballongar i taket og jubilanten fekk stilige kort.


Kaker og kaffi kom på bordet, og det blei ein bra slutt på ein flott dag. Takk for ei flott feiring!

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

For en overraskelse dette innlegget var! Takk for at du tar deg bryet med å lage en "minneside" om svigerfars store dag :-) Du har rett i at det var flott inne på Nilsgardstunet - vi fikk mye for pengene der. Men det mest fornøyelige var nok ballongene i taket - ja de barna... :-)
Håper dere har åpnet e-posten i dag, for svigerfar har sendt dere takkebrev. Nå har roen senket seg i huset igjen, og svigermor er kommet sånn noenlunde til hektene etter en travel uke. En natt på hotell "uti bya" og middag på Egon på "selve dagen" gjorde også godt. Og så avsluttet vi det hele på fredag med at "utigardsfolket" kom til kaffe og en pratestund. Ikke verst feiring dette, med tanke på at det skulle "forbigås i stillhet" :-)

Silje sa...

"Forbigås i stillhet" er nesten alltid lettare sagt enn gjort, særskilt på slike runde bursdagar ;) Har ikkje lese e-posten enno, for me kom nettopp heim frå ein tur i Sørmarka; vêret her er heilt strålande :D Koseleg å høyre at det blei ei lita feiring med utigardsfolket også :) Helse så mykje til både svigerfar og Jeremias :)

Anonym sa...

Nice to be with you on "farfars" birthday! Oma from Bavaria

Silje sa...

So good to hear :) We had a very nice weekend with the whole family, and I think we all had a great time. Best regards, S&Å!

Legg igjen ein fin tanke