Mannen var jo på seminar i Bergen måndag-fredag, så denne veka har eg mått klare meg sjølv her heime. Det har eigentleg gått ganske greitt, men det var veldig, veldig fint å få han tilbake på fredag :) Eg har vore innom jobb, lese mykje i bøker, sett eit par filmar, hatt besøk og høyrt på musikk. No i helga har me gått to turar, ein lang og ein kortare, og elles berre slappa av. Veldig bra helg med andre ord! Håper du som les dette har hatt ei like bra helg og at du finn glede i mi lille sundagsliste:
✦ le av boka
Høytleseren på 06.27-toget på bussen på veg til jobb
✦ og lese ut den same boka med ein
kopp juksecappuccino
✦ lytte til den
nye songen av Laurence Fox
✦ sjå
Love, Rosie ein kveld aleine heime
✦ kjenner meg igjen i
denne skildringa om det å kle seg i fargar, å vere seg sjølv, inne hos
Sara
✦ besøk av ei god veninne med mykje prat og den besteste
RENT
✦ veldig fascinerande og kjekt å sjå på NRK-serien
Draumehuset
✦ gå tur rundt Hålandsvatnet
✦ høyre
denne Melodi Grand Prix-låta som ringjetone på ein gammal mobil på biblioteket
✦ ordentleg leseglede
✦ "Ny sjangse, nye studier" inne hos
røverdatter
✦ vere på konsert med Stavanger symfoniorkester saman med mannen min
✦ og at me etter konserten traff på nokre kjentfolk og var med dei ut ein liten tur
✦ denne forvandlinga av ein kjole må berre sjåast
✦ sykle forbi bilkøen på Madlaveien
✦ at
slottet i
The Secret Garden (1987-versjonen) er det same som i
Downton Abbey
✦ "Absolutt bra nok til å vere deg" – kategorien me hamna i etter å ha klart elleve og eit halvt poeng (av tjue spørsmål) i Dag og Tid-quizen
✦ må jo få til å dra til
Kongevegen over Filefjell ein gong
✦ rask, men herleg sundagstur i Vålandsskogen
✦ alltid kjekt å lese at det kjem
nye filmatiseringar av Agatha Christie-historier