28. mai 2016

Mange små og fine lappar

Å samle på fine minne, som kjekke opplevingar, ein herleg gåtur eller berre ein roleg kveld i armkroken til min fine mann, er noko eg set veldig pris på. For meg er slike minne ekstra godt å skrive ned eller sjå tilbake på når dagane er grå. Veit at eg har nemnt dette før, men innimellom set me oss ned og skriv nokre lappar som me legg oppi eit glas. På onsdag hadde eg seinvakt på jobb, så eg las pensum før eg dro og hadde kvelden fri då eg kom heim halv åtte. Etter å ha fått i oss litt middag, sette me oss til rette og skreiv ein liten haug med lappar som me bretta saman og til slutt la oppi minneglaset. Er så stas og veldig koseleg å lese dei høgt mot slutten av året eller akkurat når eit nytt år har byrja. Og på hylla over døra inn til gjesterommet står det små glas med fine minne frå tidlegare år :) Blir ein roleg kveld her hos oss, noko som passar meg ypperleg etter travel veke.

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tone sa...

For ein fantastisk ide! Og så kjekt å ha slike 'minneglas' å opne opp når ein ønsker å mimre litt ekstra. Så fint! :)

Silje sa...

Ja, ikkje sant?! Tusen takk, Tone ^^ Det er ikkje alltid det skal så mykje til for å lyse opp ein litt tung og grå dag, eller om ein berre vil mimre litt ekstra som du seier :)

Ragnhild sa...

For ein utruleg fin ting å gjere! Og då pyntar jo minna opp på fleire måtar, både innvendig i ein sjølve og som dekorasjon i rommet.

Silje sa...

Så fint sagt! Veit ikkje om eg har tenkt over det på akkurat den måten du skildrar, men eg skjønner kva du meiner ^^

Legg igjen ein fin tanke