18. mai 2016

Syttande mai totusenogseksten

Heller ikkje i år blei det korpsspeling på nokon av oss på nasjonaldagen. Det er framleis rart, men eg må jo innrømme at det er heilt greitt å ha god tid om morgonen, kunne nyte ein god frukost og ein kopp eller to med nytrakta kaffi. I elleve-tida traska me bort til ein skule i nabolaget der me delte eit kakestykke, veiva litt med kvart vårt flagg og såg skulekorpset marsjere i skulegarden.


Fekk også høyre korpset spele og då var dagen redda; i fjor høyrde me nemleg ikkje på noko korps, og utan korps, ingen 17. mai! Kjekt å sjå fargerike heliumballongar og så berre måtte eg ta bilete av dette skiltet. Litt uheldig med kor store mellomrom det var mellom dei ulike bokstavane.


Og litt bunadbonanza må jo til når det er 17. mai! Om det er noko som helst tvil, så er eg veldig stolt av bunaden min, glad i den, og eg er utruleg takksam for at eg har ein bunad med historie (tenk, den er 61 år no i desse dagar...). Fekk til og med tatt eit bilete av mannen i finstasen ;) Etter å ha høyrt korpset spele, drog me heim der me slappa av nokre timar før det blei grilling, latter, mykje prat og knallgod pavlova saman med fine vener. Ei kjekk og akkurat passe feiring av nasjonaldagen!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Så kult at bunaden din er 61 år! Bunader er virkelig fine plagg. Blir alltid i så godt humør av å se alle bunadene på 17. mai (og alle andre som har pyntet seg). Jeg er veldig glad i min bunad jeg også, men den er litt (veldig) trang, så må få lagt den ut hvis jeg skal ha noe håp om å få brukt den igjen, hehe. Håper dere koste dere i går! ^^

Silje sa...

Bunadar er noko heilt eige, og som du seier så blir ein i ordentleg godt humør av å sjå alle dei fine plagga på 17. mai :) Me hadde ei flott feiring av nasjonaldagen og håper at du og dine også hadde ein fin dag med alt det som høyrer 17. mai til ^^

Legg igjen ein fin tanke