25. mai 2016

Gåsungar i nabolaget

Sjå så søte dei er! Berre nokre kvartal unna oss, kan ein finne ein gard med både kalkunar, gjæser, høner, ja, til og med ein kanin. No er det komme gåsungar der, og eg trur me talde sju av dei til saman. Og sjå korleis dei spring etter mora på det siste biletet – dei er jo berre kjempeskjønne!


Kven kan la vere å ta bilete av så fine blomar? Eg klarer det i alle fall ikkje ;) Blir så glad av å sjå dei knallsterke og vakre fargane som finst ute i naturen. Sjølv om det ikkje var ein lang tur, er slike turar som dette noko eg ser fram til etter fleire timar på jobb og kveldar med pensumlesing.

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Jeg tror det er veldig viktig å ta seg slike pauser innimellom. Litt change of scenery og bare nyte øyeblikket. Det skader jo heller ikke at de andungene var så innmari søte! ^^

Silje sa...

Hi, hi! Ja, dei er ordentleg herlege! Og i mine auge er slike pausar viktige og veldig kjærkomne <3

Anonym sa...

Alltid koselig med andunger om våren !! :-)

Silje sa...

På bileta er det riktignok gåsungar, men søte og herlege er dei jo uansett ;)

Legg igjen ein fin tanke