22. mai 2016

Blomar ute og blomar i heimen

Har sagt det mange gongar før, men eg seier det igjen: Kor blir tida av?! Mai er nesten over, og om ei dryg veke er juni og sommaren her. For min del har veka vore både travel og fin. Starta den roleg (det var jo helligdag) med ein liten tur og elles berre avslapping. Feiringa av 17. mai var relativt roleg og veldig fin :) Onsdag var fyrste jobbdag ved hovudbiblioteket. Fine kollegaer og kjekke arbeidsoppgåver! Var på jobb også torsdag og fredag, og om kveldane har det vore pensumlesing og laging av fotobok. Har nokre fine punkt som eg gjerne vil dele også denne sundagen:

✦ høyre på det nyaste albumet til Enya medan eg les pensumlitteratur
✦ lese ferdig den gode boka Historien om Harry Potter av Melissa Anelli
✦ og apropos Harry Potter: sjå ferdig den siste filmen for n-te gong (og som vanleg: det kom nokre tårer og mannen min kom med kommentarar om at dei ikkje ser gamle nok ut i epilogen)
✦ sjå trailerane til The BFG her og her
✦ om ei dryg veke har me vore mann og kone i eit heilt år
✦ utruleg fine mandalaar hos Tone
✦ å gå ein heil dag i bunad :)
✦ gå tur for å sjå gåsungar og fine tre med rosa blomar
✦ for ei herleg skildring av vegkroene mellom Stavanger og Kristiansand
✦ gå ein annan tur for besøk av ein liten loppemarknad og Vålandstårnet for fin utsikt og kafébesøk
✦ var lenge sidan me hadde sett denne, og me lo begge veldig høgt då me såg den igjen i går
jobbe ved biblioteket nede i sentrum
den åttande podcasten til fine Synne
✦ plukke små blomar til heimen
✦ endå ei Harry Potter-greie
✦ byrje på ei ny bok, nemleg Bienes historie av Maja Lunde
✦ "21 Book Titles That Are So Funny When You Remove One Letter"
✦ lese i lesekroken og verkeleg ta i bruk den "nye" bokhylla
✦ les denne: "Oppskrift på å gjøre språket helt flatt" – så sant, så sant!

2 kommentarer:

Ida sa...

Bienes historie! Den mener jeg å huske at jeg likte ganske godt ^^ Og Historien om Harry Potter, vil du anbefale den til noen som er stor HP-fan? Er alltid litt skeptisk til å lese bøker om bøker jeg liker, spesielt Harry Potter. Trenger ikke å analysere det i hjel, liksom, tenker jeg.

Misunner deg litt at du jobber på bibliotek. Det er sikkert ikke så glamorøst som man skulle tro, men likevel ... omringet av bøker hver dag. Og pleaaaase ikke snakk om at det snart er juni, haha. Blir stresset. ;)

Håper du får en fin uke! <3

Silje sa...

Foreløpig så må eg seie at boka er god :) Og ja, HP-boka kan eg verkeleg anbefale vidare (det kjem ei bokmelding seinare i dag). Skjønner kva du meiner med at ein ikkje treng å analysere noko opp og i mente, men den er veldig kjekk! :D Skal ikkje klage på å ha ein haug med bøker rundt meg, nei. Og så skal eg ikkje nemne meir at ein viss månad snart er her ;) Vil ønskje deg òg ei strålande veke <3