23. mai 2016

Den perfekte boka for alle HP-nerdar

Du veit du les ei god bok når du må fram med ørten lappar for å hugse gode avsnitt og herlege sitat :) Og kanskje bør eg ha ein eigen Harry Potter-kategori her på bloggen; det byrjar å bli nokre innlegg om temaet no. Rart med det – eg har alltid likt bøkene og filmane, men det er fyrst det tre-fire siste åra at eg verkeleg har blitt hekta og at alle detaljar, alle artiklar og saker om emnet er noko eg sluker. Sidan slutten av februar har eg hatt ei bok her i heimen, ei bok som er skriven av Melissa Anelli, redaktøren bak nettstaden The Leaky Cauldron. Eg må ærleg innrømme at eg plukka med meg boka ganske tilfeldig på veg heim frå eit møte i barne- og ungdomsavdelinga på hovudbiblioteket. Eg plukka den med meg fordi tittelen var (og er) Historien om Harry Potter.



Men sjølv om eg hadde høyrt lite om Anelli og om nettstaden Leaky, fann eg ut etter berre nokre sider at denne boka kom eg til å like. Og det er også grunnen til at eg hadde  her heime så lenge: eg ville kose meg med boka! Med masteroppgåva som krevde sitt, tok det nok endå litt lengre tid enn vanleg. Boka er ikkje ny, den kom i 2008, men for min del gjorde ikkje det noko sidan mykje av det som står der var nytt for meg. Den skildrar Harry Potter-fenomenet, både generelt og særskilt Anelli si eiga rolle oppi det heile, og eg kan seie at det var kun eitt kapittel som i mine auge var litt kjedeleg. Resten av boka er ein fryd, og det kom både latter og tårer då eg las den! Som ein kan sjå, har eg funne nokre fine passasjar som eg gjerne vil dele: Albus Severus var visst ikkje tenkeleg som namn, den kjensla over å bli dratt inn i ei bok og kjensla over å sjå skodespelarane som skulle spele hovudrollene for fyrste gong. Og tenk at Anelli dagdrøymde om å skrive ei bok, ei bok som allereie nærmar seg ti år ;) Ei bok som eg verkeleg anbefaler vidare, og særskilt til HP-nerdar som meg!

3 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Spennende! Kanskje dette er ei bok jeg bør lese en gang i fremtiden. Ser vi er litt forskjellige. Jeg følger knapt med på det som er HP-relatert nå og hadde den perioden på barne- og ungdomsskolen. Nå har jeg gått over i en mer privat HP-beundring, haha. Tror det henger sammen med at jeg som regel finner ting i mitt eget tempo og ikke føler at jeg må henge med absolutt hele tiden. Det er kanskje bøkene som interesserer meg mest og ikke alle tingene JK Rowling har kommet med i ettertid av fakta om HP-karakterer.

Luisa Fernanda del Mar sa...

Jeg har så lyst å lese Harry Potter igjen, gleder meg i hjel til at gutten min er stor nok til å starte på hele serien! Denne må jeg legge inn i boklisten min :)

Silje sa...

Ida: Hi, hi! Privat HP-beundring. Eg skjønner kva du meine :) For sjølv om eg sluker det meste, er det ikkje sånn at eg oppsøker det, men meir at eg les alt det eg tilfeldig kjem over ;) Eg hadde som nemnt aldri høyrt om boka før, så den overraska ordentleg positivt. Diggar når ein kjem over slike bøker ^^

Luisa: Alle HP-bøkene kan eg lese om igjen og om igjen. Dei er så fine, gode og spennande, og eg skjønner godt at du gleder deg til du kan lese desse bøkene høgt for han! :)

Legg igjen ein fin tanke