11. mai 2016

Vakker tur i nærområdet ❀

På fredag, etter jobb og mellom oppgåveskriving, fekk me tatt oss ein tur ut, denne gong rundt Mosvatnet. Veldig greitt å ha slike små turløyper å velje mellom rett i nærområdet – då er terskelen for å komme oss ut ikkje så altfor stor :) Men eg gleder meg til me kjem oss til Hålandsvatnet, Stokkavatnet, Melsheia eller andre plassar der løypene er lengre, der me kan oppdage nye stiar. Kjem til å ha litt betre tid no, og særskilt når den siste eksamenen er ferdig i midten av juni.


Når eg ser slike kvite eller rosa blomar på eit tre eller to, må eg ofte stoppe for å nyte synet, ta nokre bilete. Fredagsturen var ikkje eit unnatak. Berre sjå så vakkert! Blir rett og slett ordentleg glad!

0 kommentarer: