Det har vore over tjue gradar her i helga, noko som det ofte er dei vekene når ein sit med skulearbeid og eksamensførebuingar. Me har klart å presse inn to turar i tillegg til at eg har sykla til jobb kvar dag, så litt solskin har no også me fått kjenne på og oppleve :) Dette har vore den siste veka før innlevering av masteroppgåva, og sjølv om det kjem ein munnleg eksamen i midten av juni, byrjar ein lang prosess å nærme seg slutten. Har ein del fine punkt og kjekke lenkjer på lista:
✦ ferdigstille masteroppgåva
✦ sjekk ut desse bileta av eit miniatyrhus hos Elsa Maria
✦ naile alle fem songane i medleyen i Beat for beat, denne veka med Astrid Lindgren-tema
✦ fine "avskjedsord" frå mine kollegaer (har siste ordinære veke på jobb i veka som kjem)
✦ kombinere gåtur (for min del) og jogging (for hans del) rundt Vannassen i herleg solskin
✦ vere "barnevakt" for Zalo, ein finfin undulat som mamma og pappa skaffa seg førre veke
✦ lese ferdig Et helt halvt år, og du kan tru at eg gret gjennom dei siste tretti sidene
✦ "List Of Fonts Designers Love To Hate" – denne lo eg godt av ;)
✦ få tilbod om jobb ut juni ved hovudbiblioteket
✦ hadde vore kjekt å få gjennomført denne morosame greia på biblioteket
✦ vakre blomar på trea
✦ fine Synne har laga ei herleg, lita liste om forskjellar og likskapar mellom ho og hennar kjæraste
✦ ha ei god veninne på besøk på tysdag kveld
✦ kul illustrasjon av The Battle of Hogwarts
✦ setje av litt tid til å løyse kryssord, han og eg (og også lese i nokre gode bøker som du sikkert ser)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Det slår aldri feil - hver eneste gang er det strålende vær i eksamens- og innleveringstida. Det gjør litt vondt å se på alle de parkglade menneskene da man selv sitter inne med pensum. Men så er det fint å kunne ta litt pauser med is i sola også da :) Så deilig med masterinnspurt, det er et krevende år!
Heldigvis får eg nok tid til å nyte sola litt seinere i dag, så eg skal ikkje klage altfor mykje :) Og tusen takk for litt heiarop no i sluttfasen, for ja, det har vore eit krevjande år!
Legg igjen ein fin tanke