15. mai 2016

Knallbra veke!


Høgdepunktet denne veka har utan tvil vore å endeleg få levert masteroppgåva! Det har generelt vore ei fin og herleg veke med sol og (nesten) sommar, nokre fridagar og for fyrste gong på veldig lenge kjenne ei ro, kjenne at skuldrene har senka seg. Rart å ha siste ordinære arbeidsdag på jobb på fredag, men som nemnt er eg jo ikkje heilt ferdig enno. Mi veke har som det sikkert går an å skjønne vore alle tiders! Under kan ein sjå denne vekas sundagsliste med mange bra saker:

✦ feire levert masteroppgåve med is og kaffi ute på balkongen i eit herleg solskin
✦ dette velskrivne innlegget om skulekarakterar og studenlivet
✦ avlutningsfest med norsklektorane (me har jo hatt forelesningar saman) og andre kjekke folk
✦ "En liten vårtur" hos neverendingcircles fordi eg kjenner meg veldig igjen
✦ balkongbesøk av ein veldig fin katt
✦ gaule av full hals på denne bursdagssongen frå Kaptein Sabeltann på nemnte fest :)
✦ piggsvin i ein busk på veg heim frå avslutningsfesten
✦ morosam vri på Alanis Morisette sin song "Ironic"
✦ kjenne ei ro som det er lenge sidan eg har kjent på
✦ når eg no kjem over ei gammal bok, vil eg garantert sjå etter dette – så kult
✦ høyre korps øve til nasjonaldagen ute i gata
✦ byrje å lage fotobok frå Rhodosturen vår i oktober
✦ denne vakre lista hos den like vakre Sandra
✦ ros frå ein ung kunde på jobb ("Eg har aldri opplevd så god service på eit bibliotek før!")
✦ gå ein forfriskande og herleg tur rundt Stokkavatnet – "berre" seks år sidan sist
✦ ein rørande videosnutt med ein liten kattunge i hovudrolla
✦ byrje på maitemaet i skaperutfordringa Monthly Makers (temaet er farge)
✦ rosa blomar på trea

2 kommentarer:

neverendingcircles sa...

Så hyggelig å bli "løfta fram"! Takk! :) Ser du har hatt en kjempefin uke ja! :) Det er jo lite som slår å levere masteroppgaven da. Jeg husker jeg fikk så mye tid til overs :)

Silje sa...

Synest det er så kjekt å dele fine lenkjer og løfte fram andre som i alle fall har gitt meg glede ^^ Jepp, denne helga som nettopp er over er fyrste gong på lenge eg verkeleg har slappa av og kjent at dei høge skuldrene ikkje er fullt så høge lenger ;)