16. mai 2016

Herleg sundagstur rundt Stokkavatnet ☀️

Tenk at det allereie har gått ei veke sidan eg leverte masteroppgåva. Ei heil veke! Det har vore så godt å ha ordentleg fri i helga, og i går sykla me til Stokkavatnet der me gjekk sundagstur i det friske og herlege vårvêret. Med både trasking, sykling og eit par rastestopp var me ute i nesten tre timar. Ved Stokkavatnet kan ein blant anna finne street art, ei golfbane og nyte ei vakker utsikt.


Kaffi på termos er alltid ein god idé :) Tok ein rast på ein benk rett ved vatnet, koste oss med kaffien og naut sola som varma godt (og jo, me hadde smurt oss med solkrem). Traff på nokre kjenningar medan me sat der, blant anna ein av mine onklar med familie. Veldig koseleg! No når det ikkje er fullt så travelt som det det har vore tidlegare i år, håper eg at me får til mange slike fine turar :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Så koselig! Gleder meg til jeg kan ta meg tiden til å gå lange turer. Ikke lenge igjen! Under en måned. Håper dere koser dere videre i langhelga! ^^

Silje sa...

Slike turar er som balsam for sjela! ^^ Stå på, Ida! Eg heiar på deg og veit at du kjem til å klare dette! Og så håper eg at du og dine også har hatt ei fin langhelg!

Legg igjen ein fin tanke