29. jan. 2016

Kakao i det finaste kruset

Me har nettopp ete risgraut og du kan tru det smakte godt etter jobb frå åtte om morgonen til halv ni no i kveld. Slik er det når to jobbar overlappar kvarandre. Heldigvis har eg ikkje mange av dei dagane. På onsdag sette me av litt tid til både ein liten gåtur og ein god kopp med kakao då me kom heim. Når dagane er litt kalde og grå og timane går i eitt, er det ekstra godt og koseleg å kunne ta seg ein pust i bakken :) Fyrste veka på biblioteket er over, og det har vore så utruleg kjekt! Å vere på eit bibliotek, og ikkje minst jobbe ved eit, er som å komme heim! God helg til alle som les dette ^^

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Så bra første uke har gått bra! Og dobbelt arbeidsdag høres veldig slitsomt ut! God helg, Silje ^^

Silje sa...

Veldig kjekt å kunne jobbe litt ved eit bibliotek :D Og så klart god helg til deg også, Ida! ^^

Legg igjen ein fin tanke