10. jan. 2016

Godt og blanda i veke 1

Her hos oss har me brukt mykje av helga til å jobbe med skulearbeid og essayskriving. Det er slik det er nokre gongar, at sjølv om helga kjem, har ein ikkje heilt fri. Men me har jo fått gjort andre ting også, som å henge opp ei hylle ved senga på soverommet, unnagjort nokre ærend på Kilden, gått ein liten tur rundt Mosvatnet og slappa av med gammal film, tacosalat og stearinlys. Den fyrste heile veka i 2016 har vore ganske fin med tørt vêr og sol, stearinlys, kaffi og orkesterspeling. Håper at også dykkar veke har vore bra :) Mykje godt og blanda her i denne vekas sundagsliste:

✦ finne glede i den lille stripa av sol inne i stova vår
✦ "Mina DIYs från 2015" – så mykje fin og kjekk inspirasjon hos Sandra
✦ spele "Party Alias" saman med mamma, pappa, broren min og mannen min. Latterkrampe de luxe med rimet "Du er så vakker, og jeg liker pakker" :D
✦ kikke i dei to kokebøkene me fekk til jul, hente inspirasjon og prøve ut ein middagsrett
✦ dette blogginnlegget om mobbing, og denne kommentaren om det same temaet
✦ få unnagjort ein del småærend på Kilden
✦ både mannen min og eg kjenner oss igjen i denne (ha, ha)
✦ nydelege kaninar her og her, ein skjønn minigris og kattungen som hermar etter mammaen sin
✦ tenne stearinlys med ein gong skumringa byrjar
✦ mykje vakkert i ein og same heim
✦ sjå den morosame kollasjen av Stavangerord og -uttrykk der me øver med orkesteret
✦ kan hende eg har delt denne før, men eg gjer det igjen: "50 sätt att bli mer kreativ" hos HejRegina
✦ spele med orkesteret på symfoni nr.4 av Bruckner
✦ "I'm not crying. I'm crying because I always cry when people are getting married." – Rusty Parker (Rita Hayworth) i filmen Cover Girl frå 1944
✦ tur i Åsenløypa saman med mannen min og broren min etter å ha ete god middag heime på Sola

6 kommentarer:

Sandra sa...

Tack för länken silje :) Älskar att få följa med på guldglimtar från din vecka!

Silje sa...

Bare kjekt å kunne kunne lenke til deg, Sandra! Du deler jo så mye fint som jeg ønsker at andre også skal ha gleden av ^^ Tusen takk for fin kommentar, og håper du får en strålende uke :)

Ida sa...

Alias er kjempemorsomt! Ser ut som du har hatt en fin uke ^^ god mandag!

Silje sa...

Så einig, Ida! Alias er alltid ein slager her hos oss ;) God måndag og god veke til deg også ^^

Regina sa...

<3

Silje sa...

Takk! ^^