8. jan. 2016

2015 i tolv bilete

Inspirert av denne lista hos Erin vil eg oppsummere 2015 i tolv bilete, eit for kvar månad. I tillegg til eit bilete for kvar månad, har eg skrive ned nokre høgdepunkt for den aktuelle månaden og lenkja til bloggarkivet, ei lenkje til januar, ei til februar og så bortetter. Og fyrst ut er januar:
Tilbakeblikk til Reykjavik og New York, nye emne på skulen, sniktitt på bryllaupsinvitasjonane, årets fyrste loppemarknad og tur til Ski og Billy Elliot på Folketeateret.


Februar: Fleire gåturar, gjenbruksprosjekt, polaroidbilete på veggen, vårteikn og bytur og spelekveld med gode vener.


Mars: Meir tilbakeblikk til New York, blogginnlegg om interiør, lilla skjørt frå Fretex, kveldstur, lage noko med leire og ordentleg titt på bryllaupsinvitasjonane.


April: Knallgrøne retrogryter, den fyrste boka om Cormoran Strike, to loppemarknadar på ein dag, ein månad til bryllaupet, Kingsman på kino og hyttepåske.



Mai: Oppgåveskriving, bryllaupsførebuingar, blomar på trea, svaner, Beecake, konfirmasjon på Årnes og så klart bryllaupet 30.mai. Absolutt årets høgdepunkt!


Juni: Sommarjobb, spelekveld x2, fleire svaner, tur på Egeland (Stavanger Øst), fleire blogginnlegg om bryllaupet, feiring av mannen min som blei tretti år, tur med alle fire foreldre ut på Jæren og han og eg aleine på hytta helga etter bryllaupet.


Juli: Reisemånad med tur til hytta på Kråkerøy, Vinjerock og ei veke på Sunnmøre. Hadde også nokre dagar på jobb, men fyrst og fremst var me på reisefot denne månaden.


August: Eitt år som huseigarar, fotobok i posten, med gutta på tur, tur rundt Hålandsvannet, gjestebokplakaten og ute på ordentleg bærtur.


September: Bileteoppheng av greiner, tur ute på Lundsneset, orkesterspeling etter fem månadar utan, tur i Sørmarka, Fargegaten og tre loppemarknadar på ein dag!


Oktober: Tur til Ski og Mary Poppins, haustfargar, tips om bryllaupsplanlegging, 50 ting som gjer meg glad, bruktfunn, finaste kaffikoppen og ikkje minst Rhodosturen :)



November: Kongeblå hatt, halvt år som mann og kone, Siddis Brass, kjekk CD, "Nøtteknekkeren", om brudekjolen og oppgåveskriving og topptur ved Moslivatnet.



Desember: Lese Matilda, feire jul saman med mannen min, brunsj med den finaste gjengen, gågata i Sandnes i førjulstidar, sju år som kjærastar, julehygge, kjekk nyttårsfeiring og lys i mørketida.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ruth | HungryHeart.se sa...

Vilket fint år! Hoppas ditt 2016 blir minst lika bra! =)

Silje sa...

Håper det samme for deg også, Ruth! :D

Legg igjen ein fin tanke