12. jan. 2016

Den kulaste kalenderen!

Ein gong før jul, då me begge var nede i sentrum for å få unnagjort nokre ærend, var me innom Platekompaniet. Der hadde dei nokre kalendrar til sals. Eg peika på ein av dei og sa "den kan du kjøpe til meg til jul." Tenkte ikkje noko særskilt meir over det, men gjett kva som låg under juletreet frå han til meg?! Den perfekte Harry Potter-kalenderen! No heng den på soverommet og eg kunne ikkje ha vore meir nøgd. Kvar månad har sitt bilete, og det er bilete frå alle dei åtte filmane. Biletet for januar er henta frå den aller fyrste filmen. Ei kul gåve til og for alle Harry Potter-fans :)

4 kommentarer:

Røverdatter sa...

Åh! HP <3 For en kul kalender!

Silje sa...

Trur nok det er ein av dei beste kalendrane eg har hatt på nokre år, ja! :D

Ida sa...

Åh ja, Harry Potter er alltid kos! Jeg hadde HP-kalender i fjor, men i år må den vike for en fotokalender jeg fikk til jul av søskenbarnene mine, pluss kalenderen fra personlig almanakk. Men blir nok flere HP-kalendere på meg også i fremtiden, bruker å variere litt fra år til år.

Silje sa...

Me fekk ein kjempefin fotokalender frå våre tante- og onkelbarn, så den har fått "heidersplassen" på kjøkkenet ;) Men det var også den einaste utanom HP-kalenderen, så to stk. for 2016 er vel akkurat passe :) Og ja, det er alltid kos med Harry Potter, anten det er å lese bøkene, sjå filmane, ha fest med HP som tema eller ein slik kalender :D