27. jan. 2016

Tankar om eit spennande, tøft og fantastisk år

Snart er det på tide å søke. Neste måndag, den fyrste februar, byrjar skulane å ta inn elevar. Kva skular er det eg siktar til? Jo, eg snakkar om opptaket ved alle folkehøgskulane me har her i landet. Innan neste måndag bør ein ha søkt om ein ønskjer å komme inn ved den skulen ein helst vil. Eg veit ikkje kvifor eg tenkjer ekstra på dette no i år, men slik er det berre. Det er heile sju år (!) sidan eg sjølv var midt i prosessen med å velje skular og søke på dei eg ville gå på. Gjennom heile tredje klasse på vidaregående var eg bestemt på at eg skulle ta eit år på folkehøgskule. Eg var lei av skulearbeid med karakterar, samstundes som eg ville bu eit år vekke, så for meg var folkehøgskule meir aktuelt enn å ta eit jobbeår medan eg skulle bu heime. Før fyrste semester av 3. klasse var over, fekk eg meg kjæraste, og eg hugsar at ei i vaksenkorpset sa til meg at "du  søke på folkehøgskule viss det er det du vil sjølv om du har fått deg type." For meg var det heilt sjølvsagt,
til ein folkehøgskule skulle eg (og den kjærasten, det er han eg er gift med i dag).

Mamma og eg sat nokre kveldar med folkehøgskulekatalogen foran oss. Bladde i den, fann fram post-it-lappar der me skreiv pluss- og minusider ved dei skulene eg ville søke på. Til slutt kom me fram til ein skule (eller var det to? Litt usikker der) som eg ville søke på. Eg visste om ei eg kjente frå franskklassen som også hadde søkt på den same skulen, og det var innmari kjekt å vite at me begge to hadde komme inn :) Å velje den skulen eg gjorde, bu der i i nærmare ni månadar, bli kjent med så mange fine, rare, tøffe, morosame og kjekke folk er eit val eg aldri har angra på at eg gjorde. Jo, innimellom var det tungt fordi ein er sjeldan aleine på folkehøgskule og eg er i alle fall ein person som treng aleinetid sjølv om eg også er ganske sosial. Men gurimalla så mykje eg lærte om meg sjølv, om korleis eg reagerte i forskjellige situasjonar, korleis det var å bu heimanfrå og det å måtte klare mykje meir sjøl. Samstundes var det ein myk start på vaksenlivet, for ein får jo til dømes servert måltidane, og i kvardagen var det mykje lått og løye med så mange herlege personar!

På desse ni månadane fekk eg vere med på så mykje forskjellig, eg opplevde så mange ting på ganske kort tid. Safari i Masai Mara, besøk ved ein barneheim i slummen i Nairobi, skiveke på Hovden. Skremmekveld der lærarane våre var utkledde og skremte oss noko heilt utruleg. Tur til Krakow og rafting på Nilen. Eg tok dykkarlappen på Zanzibar, rappellerte ned ei 30 meter høg bru på Bømlo og eg blei introdusert for musikalen RENT for fyrste gong. Lista er lang, eg kunne ført opp så utruleg mykje meir. Ein god del av desse opplevingane har eg skrive om på bloggen, for det var på folkehøgskulen eg byrja å blogge. På dialekt og på ein heilt annan stil, men mykje av det ligg framleis i arkivet. Å få oppleve eit år på folkehøgskule er noko som enno sit i kroppen, noko eg aldri ville vore forutan. Eit langt innlegg her i dag, men eg hadde rett og slett mykje å seie når det gjeld det å vere eit år på folkehøgskule. Dette er mine opplevingar, mine meiningar og erfaringar om eit fin og heilt fantastisk år. Folkehøgskule er verkeleg verd å bruke eitt år av livet sitt på!

0 kommentarer: