11. jan. 2016

Rundt Mosvatnet i snø

Mosvatnet i går. Kvitt overalt. I alle fall nesten. Mange av måkene og endene hadde funne seg ein plass i vatnet der isen hadde sprokke og smelta. Andre sat så stille på isen dekka av snø.


Ganske vanskeleg å sjå no med alle den snøen, alle gjerda og gravemaskinene, men om ca. halvanna år vil den nye Gamlingen vere klar, og den vil liggje akkurat her. For oss blir det berre eit par minuttar å gå, noko som blir konge, og eg har trua på at det kjem til å bli så himla bra!


Eit snødekt landskap og eit tuttedekt tre (tutt = smokk om ein lurte). Rundt Mosvatnet er det eit tre der ungane kan komme og hengje frå seg smokken sin når dei ikkje lenger skal bruke den, akkurat som ein kan i Smokkariumet til Kaptein Sabeltann. Sånn elles var det mange barn som hadde laga seg ein snømann i går, men eg får dele bilete av desse i neste blogginnlegg :)

Legg igjen ein fin tanke