1. jan. 2016

Familiemiddag i heimen

Fyrst og fremst: godt 2016, alle saman! Me hadde ei kjempefin og kjekk nyttårsfeiring hos eit venepar av oss! Rart å ikkje feire med den faste gjengen, men me hadde det jo veldig hyggeleg, og så var det kjekt å prøve noko nytt :) For akkurat ei veke sidan, då det framleis var 2015, hadde mannen min og eg invitert familien og dei to andre som var her i jula heim til oss på kalkunmiddag. Mao. var me sju til bords, dei same personane som på julaftan. Veldig stas å dekke på med mormorserviset, Hardangerbestikk og fine glas, og middagen blei vellykka. Etterpå åt me dessert, og me drakk kaffi frå dei fine koppane me fekk til bryllaupet. Hadde ein quizrunde og tre og hadde rett og slett ein veldig fin kveld. Koseleg å kunne invitere på ein større middag i ny og ne :)

Legg igjen ein fin tanke