22. jan. 2016

"Winter Wonderland"

No er snøen i ferd med å smelte. Temperaturen gjekk frå ni kalde i går morgon til fem varme i dag tidleg. Men i går gjekk me ein tur rundt Vannassen i kveldinga, og sidan det var trygg is, gjekk me faktisk ein liten tur ut på vatnet :) Bileta i dette innlegget blei tatt på tysdag på veg til skulen. Er så fint med frost og snø, på bakken, på tre og på kongler. Og med sola framme, var det ekstra vakkert!


Tenk at skulen ligg rett til høgre for denne skogen, så himla fint område! På veg ned bakken, såg eg plutseleg ein hane på rømmen. Då eg viste mannen min bileta med hanen, sa han at om eg hadde vist bileta til gjengen i Agder Brass og spurt dei om å gjette kva song, hadde svaret vore "Theme from Chicken Run". Ha, ha, den er intern kan du tru. Å, akutt sakn til den besteste gjengen!


Eg må vel kunne seie at det heile er paradoksalt: eg liker ikkje vinteren og snø sånn generelt, men viss snøen kjem i små dosar, berre som eit fint teppe, då går at det an. Viss vinteren ikkje er altfor kald, altfor lang eller altfor kaotisk (slik eg opplevde den i Kr.sand då snøen aldri slutta å dette ned og det innimellom kjentest umogleg ut å komme seg frå A til B), då må eg innrømme at det heile er ganske så okei, ja, faktisk litt vakkert. Akkurat slik har det vore dei seinaste dagane her i byen :)

8 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Snæ kan være utrolig fint. Spesielt når det har snødd ferdig og blitt iskaldt igjen, og snøen har lagt seg og blitt trampet ned. Da er det flott. Minus saltingen de gjør på veiene, da, og dårlig brøyting. Det gjør det så vanskelig å komme seg frem noe sted. Salting tror jeg er det verste jeg vet, høhø. Det er som å gå i sirup. MEN snø er vakkert! Og jeg er glad det endelig kom snø her også i forrige uke (eller når det var), og at den har holdt seg en stund. God helg!

Silje sa...

Du får sagt det du, Ida! :D Er jo så einig i at snø er vakkert, men det er likevel noko med heile vinteren som eg ikkje er så altfor glad i. Men slik det har vore no den siste veka, har det rett og slett vore heilt nydeleg! :) Håper du har hatt ei fin bursdagsveke og at du får ei strålande helg ^^

Ruth | HungryHeart.se sa...

Åh, så vackert det är med snön! Det ser ut som att du hade en riktigt mysig vinterpromenad. =)

Sandra sa...

Fy, så vackert!

Silje sa...

Ruth: Alt blir så mye lysere med en gang det kommer litt snø :) Og ja, det var en veldig fin tur, en liten, men viktig hverdagsglede!

Sandra: Tusen takk! Snø og frost gjør noe med landskapet slik at det blir litt ekstra fint, litt ekstra spesielt og vakkert ^^

Moder'n på Møre sa...

Ehh... Silje - det er en hane dette, ikke en høne :-)
Han du bor sammen med burde vite forskjell, for vi hadde noen brune tipper her da han var liten. Han laget endatil en fin tegning av en av de, som vi nok fortsatt har ett eller annet sted :-)

Silje sa...

Ha, ha! Spurde han til og med då eg viste fram biletet ;)

Moder'n på Møre sa...

Og han så ikke hvilket kjønn det var på fjærkreet?? Det hadde jeg ikke trodd med tanke på hvor han vokste opp! Se på stjerten, dere, den sier det meste :-)

Legg igjen ein fin tanke