10. juni 2015

Trykksakene frå bryllaupet

Alt av trykksaker til bryllaupet, valde me å gjere sjølv. Dette gjorde me både for å spare pengar og fordi å finne fontar og designe slike ting, er jo detaljar eg verkeleg liker å halde på med. Invitasjonane var nok det eg brukte lengst tid på, men då dei var laga og sendt ut, var mykje gjort. Tok med meg ein god del av elementa vidare, som fargar, fontar, figurar og dei små prikkane. Hovudfargen var, ikkje overraskande, kongeblå, og andre fargar me brukte var blant anna grøn og natur. Fonten utanpå invitasjonane, menykorta, bordkorta og lappane er den fine Bombshell Pro, ein font eg forelska meg i fyrste gongen eg såg den. Inne i invitasjonane og bakpå menykorta brukte eg ein enklare font: Hiragino Mincho Pro. Utanpå kyrkjeprogrammet, bordplanen og velkomstsongen, blei fonten Bernhard Fashion tatt i bruk, ein stilrein, tynn og nydeleg font. Denne blei også brukt på gjestebokplakaten vår, men den får eg vise i eit anna innlegg :) Eg veit at ein ikkje bør bruke altfor mange fontar om gongen, men det er jo så mange fine der ute, så litt vanskeleg har det vore. Men bakpå bordplanen slo eg meg litt laus både med fargar og fontar: "I spy with my little eye" for dei som kanskje synest det blei litt lenge å vente på maten ;) Fuglane frå invitasjonen fekk bli med vidare i kyrkjeprogrammet og på menykortet, medan prikkane på menykortet, lappane og inne i bordplanen. Bileta utanpå kyrkjeprogrammet er dei bileta me tok med fotografen vår i haust. Når det gjeld menykortet, blei det lagt oppå bordplanen med ei for- og bakside, og menykort, bordplan og velkomstsang blei bunde saman med kongeblått garn. Og ja, menykorta var alle sekskanta, så eg sat lenge med saksa og klippa. Fekk god hjelp med klippinga og brettinga av ei god veninne, og mamma hjalp meg litt med å knyte saman det meste som skulle liggje på bordet :) Hadde me valt å gjere trykksakene sjølv om igjen? Det vil eg absolutt påstå :)

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Det var jo dette jeg var så imponert over! Utrolig mye arbeid som dere (mest du, kanskje?) la ned i alle disse fine detaljene. Og så "blomstervasene" i tillegg!
Men skal du ikke ta opp den lilla tråden og rulle ut arket? Så kan du ta bilde av de fine symbolene øverst :-)

Silje sa...

Jo, det har vore ein del arbeid, men akkurat dette er jo sånt arbeid som eg liker å halde på med :D Tar eg av det lilla bandet, er eg redd for at eg ikkje får det ordentleg på plass igjen, synest jo det er så fint med bandet på ;)

Moder'n på Møre sa...

:-) Er nok best å ha rullen intakt, ja!
Rull den opp på 5-årsdagen og sett dere ned og mimre litt over 30.05.15 :-)

Silje sa...

No har me planen klar til 5-årsdagen i alle fall :D

Legg igjen ein fin tanke