5. juni 2015

Dekorasjon i syltetøyglas

Nokre av gåvene har no fått komme ut av eskene sine og blitt plassert rundt om her i heimen. På det øvste biletet kan de sjå ein liten del av morgongåva frå meg til han: eit bilete med lydfrekvensen frå kjærleikstemaet i Cinema Paradiso. Figuren av dei to personane på det nedste biletet, er ei gåve me fekk av mi tante, onkel og to søskenbarn. Tanta mi synest at figuren er "så oss", og eg må jo faktisk seie meg einig i det :) Brudesløra som står oppi syltetøyglasa, var ein del av dekorasjonen både i kyrkja og i festlokalet. Utruleg enkel, men likevel veldig dekorativ pynt. Og så er det jo gjenbruk i tillegg ;) Vår helg kjem til å bli den rolegaste på lenge, men eg trur me treng det. Rett og slett. Håper de alle får ei kjempefin helg, den aller fyrste i juni! No er det sommar :)

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Likte figuren utrolig godt! Den var fin :) og blomstene og syltetøyglass <3 Bruker syltetøyglass til omtrent alt, haha. Kos dere masse ikveld! Godt å bare slappe av, tenker jeg.

Silje sa...

Nettopp komme heim frå hytta etter ei helg med fjellro, bøker og null internett. Heilt herleg! Ja, syltetøyglas kan ein bruke til så mykje rart, så enkelt og samstundes så fint! :D

Pantertante sa...

Ai! Lenge siden jeg har vært innom bloggen din SIlje! Så kjekt at figuren falt i smak, den stod jo der på hylla i butikken og sang kjærlighetstemaet fra Cinema P, så da var jo saken klar ;)
Tusen takk for et flott bryllup!

Silje sa...

Figuren var noko av det fyrste som kom på plass etter bryllaupet; fann ut at den berre måtte stå oppe på det eine skapet ved TV-en :) Og tusen takk for at de alle fire var med på å feire dagen vår <3

Legg igjen ein fin tanke