30. juni 2015

Ein månad. Allereie.

Ein månad er gått. Eg kan ikkje skjønne kor desse dagane og vekene har tatt vegen. Me har vore mann og kone i ein månad allereie. Bryllaupsdagen kjennast nesten som ein draum, som om det ikkje var me som var brudeparet, men nokon andre. Det er litt merkeleg å tenkje på at dette faktisk har skjedd, at det var oss to den dagen handla om. Alle smila, dansing av brudevalsen, kakeeting, dei beste folka, kvit kjole, grå dress, kongeblå detaljar, den finaste brudebuketten. At eg sa "ja" til min besteven, at han sa "ja" til meg, at me nok ein gong valde kvarandre. I dag kom han heim med peonar til meg, gav meg eit kyss på panna og gratulerte meg med einmånadsdagen. Verdas beste! Me har så mange bilete å sjå på for å minnast dagen, både frå gjestar (det øvste biletet) og frå fotografen vår (det nedste). Det er faktisk ingen draum, det var oss det handla om den dagen 

7 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Jo da - det var dere, det kan vi bevitne :-)
Men spørsmålet er om vi kan få oversendt dette bildet på mail? Altså det ved bilen? Og etter hvert får vi vel tilgang til flere som vi kan få velge ut, kanskje?
Og forresten: Gratulerer med dagen!

Ingvild S L sa...

For et flott brudepar!

Tida går fort ja, kan nesten ikke tro det snart har gått et år siden vi gifta oss :)

Silje sa...

MM: Tusen takk! ;) Bilete skal me klare å fikse i løpet av veka. Me kan til dømes lage ei mappe med dei beste slik at det ikkje blir altfor mykje å gå gjennom (for det er snakk om ein heil haug) :)

Ingvild: Tusen takk til deg også! :) Du og A var også veldig fine, og tenk at det byrjar å nærme seg eitt år sidan allereie ^^

Mikaela sa...

Ååååh så fint, grattis!!! Vackra ni var och sååå lyckliga ni ser ut! Önskar er all lycka i framtiden :)

Silje sa...

For en fin kommentar, Mikaela! Tusen takk! :D Vi hadde en helt fantastisk dag som vi kommer til å huske med glede i lang tid framover! :)

tea sa...

Gratulerer med dagen! ^^

Silje sa...

Koseleg med nok ein gratulasjon :) Tusen takk, Ida! ^^

Legg igjen ein fin tanke