3. juni 2015

I ei polaroidramme

Slik såg me ut på den store dagen vår :) Bileta er tatt på Kronen Gaard rett etter at me hadde vore ute ved Ormen Lange for å ta bryllaupsbileta saman med fotografen vår. Polaroidramma hadde me laga i forkant saman med pappa, og han eine onkelen min fekk tatt fine og herlege bilete av gjestene inne i ramma. Som ein kan sjå, står eg berre og ler. Var så glad og hadde det berre moro med ballongar og det heile. Med desse bileta får de ein liten titt på antrekka våre og brudebuketten. Sakte, men sikkert, kjem me oss til hektene etter nokre fantastiske og magiske dagar. Og som nemnt i eit tidlegare innlegg, vil det komme fleire detaljar og bilete i vekene som kjem :)

6 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Hihi, så fine dere er! Og morsomt med polaroidbilderamme! ^^

Silje sa...

Kjempekjekk måte å få tatt bilete av alle gjestene på :) Og som du ser, synest i alle fall eg dette var ordentleg gøy ;)

Moder'n på Møre sa...

Tusen takk for at vi fikk være med på den flotte feiringen! (Litt ekstra morsomt å få sitte "på stas" ved siden av hovedpersonene). Vi koste oss, traff mange hyggelige folk - men så var det jo også litt vemodig at veslegutten til mor og far nå er blitt "ordentlig voksen" :-(

Og så venter vi i spenning på mange fine bilder! Skjønt, vi har jo noen sjøl også :-)
Kjærlige hilsener fra Svigers.

Silje sa...

De får sjølv ha takk :D Me har hatt det så kjekt desse dagane, og minna vil vere med oss lenge! Så vil det jo komme fleire og fleire bilete litt etter litt tenkjer eg :) Klem frå svigerdatter (og mannen i huset)! :)

Pantertante sa...

<3 <3 <3

Silje sa...

Hi, hi! ^^ Alle var jo så fine og morosame i den ramma :D

Legg igjen ein fin tanke