14. juni 2015

Små, søte pelsdottar

Både fredag, i går og i dag har eg vore på jobb på Gamlingen. Skal jobbe der i tre veker seinare i sommar, men prøver jo å seie "ja" når dei treng vikar, noko som var tilfelle denne helga. Så i motsetnad til førre helg, har det denne helga vore litt meir på planen. Men me har også fått tid til å gå tur, rydde litt i heimen og kose oss med god, heimelaga pizza og ein gammal film. I morgon er det måndag igjen, men no som det er ferie, kjenner eg at dagane går litt i eitt. Vel, det er jo ikkje gått så langt at eg ikkje får med meg kva dag som er kva, så her kjem mi lille sundagsliste:

✦ gå rundt Mosvatnet og Vannassen og sjå små, søte andungar og svaneungar
✦ sjå The Shop Around the Corner frå 1940
✦ ha besøk torsdagskveld av ei kjempegod veninne
✦ ei liste over virale videoar, blant anna Ylvis med "The Fox" og "Trololo"-songen
✦ at me i dag har vore saman i seks og eit halvt år 
✦ dette blogginnlegget om ei som skal bruke utgangspunkt i mora sin brudekjole når ho giftar seg, akkurat slik eg gjorde :)
✦ hengje opp to store bilete som me fekk til bryllaupet
✦ fine koalaar, endå meir fine koalaar og herlege dovendyr, alle hos cuteoverload.com
✦ ein vase med namn "Silje"
✦ "Dumbo is real" – for eit kult og herleg bilete
✦ pakke ut alle gåvene frå bryllaupet; trur me begge to er litt overvelda over å ha fått så mykje fint
✦ bruke klede som er kjøpt på bruktbutikkar
✦ tenk å plutseleg bli invitert til sitt eiga bryllaup
✦ "Summer to-do list" hos Julianne og denne lista hos Ida

Legg igjen ein fin tanke