12. jun. 2015

Jentekveld like før bryllaupet

Kvelden før bryllaupet hadde forlovaren min og eg snakka om at eg skulle komme heim til ho, prate, kanskje sjå ein film, prate endå meir og berre slappe av. Då eg tidlegare på dagen fekk vite at eg ikkje måtte komme før klokka sju, og helst i litt fine klede, skjønte eg at det nok ikkje var berre oss to som skulle vere der den kvelden ;) Litt over sju banka eg på døra og inne i gangen stod fem av mine beste veninner; mangla berre ho eine som då var på vegen i bil for å vere med å feire oss på laurdagen. Veninnene mine ropte "hurra" og gav meg eit glas med champagne med jordbær oppi. Me hadde ein strålande kveld og for meg var dette eit heilt passeleg utdrikningslag. Det blei god mat og drikke, små "goodiebags" med blant anna ballongar og såpebobler, god kake, mykje prating, mimring og latter, og me spelte "brudebingo" med vittige spørsmål og kule oppgåver. Eg vil berre få seie takk, for dette var ein kjempekjekk kveld, ein kveld som fekk meg til å slappe av og ta vekk brodden av bryllaupsnervane. De er så fine og eg er glad for at eg har dykk i livet mitt!

2 kommentarer:

Ida sa...

Så koselig! ^^

Silje sa...

Alltid kjekt og koseleg å vere saman med fine vener ^^